Laurdag var det skipa til ultraløp på Husnes stadion. Ein kunne springe 3 timar, 6 timar eller 12 timar. Størst deltaking var det naturleg nok i 3-timarsklassen, der totalt 25 løparar sprang, anten individuelt eller som lag. Ein løpar deltok i 6-timars, og så var det om lag 10 løparar på 2 lag som fullførte 12 samfulle timar. Primus motor Holmfridur Adalsteinsdottir hadde eit eige lag, og så hadde Husnes helsesenter eit lag, som varta opp med over 100 løpte km, altså over 250 rundar på stadion.

Totalt vart det sprunge over 2100 rundar, som tilsvarar 840 km, av om lag 35 deltakarar. Dette var ein test for å sjå om vi får til å arrangere eit slikt løp, og svaret på det må vera ja. Det meste gjekk godt føre seg og alle var blide og nøgde. Litt utfordringar med logginga av rundar undervegs med tidtakarsystemet, som ikkje er meir van med å telje sekund og minutt enn å telje rundar. Men vedlagt er resultatliste.

Takk til alle som bidrog og deltok, til Ternen (Håkon og Julie) for lån av tidtakarutstyr og opplæring og til Kvinnherad Breiband AS og Frodes Fargehandel Fargerike og Husnes helsesenter for sponsing og støtte til arrangementet.

Pga skade steikte Hildegunn Håland heller vafler enn å springe.
Litt underhaldning undervegs må til.
God støtte frå Kvinnherad Breiband AS.
Frida dokumenterer at storesøster Arnfridur held koken.
Vaktbytte: Nathan Ghebreweldi tek over stafettpinnen (startnummeret) frå Sigrunn Kjerpeseth på laget til Husnes Helsesenter. Dei andre på laget var Lars Røyrvik, Johanna Aggvin, Signy Dale og Holmfridur Adalsteinsdottir.
Are Uppheim med fleire i fint driv.
Sekretariatet kombinerte springinga med sekretariatoppgåver.
Løpsgeneral Holmfridur Adalsteinsdottir har tilsynelatande kontroll på tidtakarsystemet.
Nathan Ghebreweldi fekk ei oppmuntring på vegen.
Påfyll av drikke og energi må til når ein skal springe så langt.
Frida Viken og Bente Hellevik i godt driv.
Veronika Nielsen først i feltet. Ho gav seg ikkje eingong etter 3 timar, men heldt på til heilmarathon var unnagjort. På 3 timar og 57 minutt, imponerande!
Klart til start.
Spente folk før det braka laus.
Frida fekk mykje skryt for arrangementet.
God stemning på ein strålande flott haustdag i Husnes idrettspark.
Ein skal tidleg krøkast. Benjamin Hus Ripel med ein komande langløpar.