Første dag av Lerøyleikene: 5 personlege rekordar på 6 øvingar!
Våre tre gutar som representerer Hordaland friidrettskrets har gjort bra frå seg første dag under Lerøyleikene på Ålgård (Gjesdal) i Rogaland.
Mattias Skauge Griggs (14) fleska til med bronsemedalje og 24,53 i diskos. Ny pers med over 2,5 meter. Med det var han beste hordalending og samla verdifulle poeng i kretskonkurransen. I kule persa han med ein cm. 7,91 gav 7.plass i konkurransen.
Heine Sæverud Jensen (G13) ville ikkje vera dårlegare i diskosringen og tok sølv i klasse gutar 13 år med 23,05. Det er betring av pers med heile 5 meter! Også dette eit viktig bidrag for Hordaland i kretskonkurransen. I kule persa han med 7 cm. 7,39 gav 7.plass.
Giljar Saghaug Håland fekk 6.plass med 17,65 i diskos og 9.plass i kule med 7,08, noko som var betring av pers med ein halvmeter.
Dette lovar bra før favorittøvinga spydkast i morgon. I tillegg skal gutane bite frå seg i slegge, og Heine skal i tillegg hoppe tresteg. Minst like viktig som det sportslege er elles det sosiale med å reise som eit lag på eit slikt stemne. Men her har vi ikkje fått nokon rapportar :)



