G13: Fitjar-Trio2 3-3. Vi har tre lag i G13-klassen i år og for å klare å mønstre lag i alle kampane blir nokre av haustoppgjera samarbeidskamp med blanding av spelarar frå dei to gruppene, frå Husnes og Valen. I dag var ein slik dag og vi la på tur med 13 mann til dyst mot ein av seriens beste motstandarar, Fitjar.

Fitjar er eit velspelande lag, men skulle få mykje å bestille mot eit Triolag som var skikkeleg på hugget. Vi har hatt ein oppsving i haust og dei tre laga våre sto totalt så langt i haustsesongen med siger i 9 av 9 kampar. I dag var det ‘berre’ uavgjort. Godt nøgde med gjennomføringa, men ‘berre’ av di gutane følte seg snytt for sigeren ved kampslutt. Då har vi vore gode!

 

Vi starta med eit overtak i ein førsteomgang som var tett og relativt sjansefattig. Elias snappa og kom åleine mot keeper, men styrte ballen rett utom stolpen. Kort etter vart han chippa fri av Emil, men skotet på halv volley gjekk over mål. Og Emil var på ny servitør då han vendte spelet over til venstrekant Andri, som vart blokkert i siste liten. Rett før pause scora i staden Fitjar på ein kjapp overgang med eit fint veggspel.

 

Oppsummert var det ein veldig god omgang på to av tre fokusområder. Vi hadde vore veldig solide defensivt og veldig tru i returløpa, og følgjeleg om lag hindra Fitjar fullstendig å kome til store sjansar, inntil målet på tampen. Det som ikkje hadde vore godt nok var pasningskvaliteten, og det skulle vi ut og rette på i andre omgang. Det gjorde vi ganske så bra. Og det tok berre to minutt før vi lukkast til fulle. Tristan tok ned og med meir ro enn i første slo han ei perfekt pasning ut til Gunnar, som kom inn frå høgrekanten. Ei kontrollert avslutning gav Gunnar hans første mål for året.

 

Vi heldt fram med å vera hakket betre og kvarteret ut i omgangen sendte Emil oss i føring etter forarbeid av Tristan og rett etter kunne Mohammed auka med ein susar som Fitjar sin sonelagskeeper slo til corner.

 

Men så vart siste ti minutta av kampen ganske rotete og oppjaga. Der vi før hadde vore veldig solide defensivt og tidvis rolege i ballbehandlinga, vart det litt for mykje stress. Etter ein corner laga vi straffe då vi let motstandaren få eit unødvendig forsprang. 2-2. Så svarar vi med ein overgang i stor fart. Elias vart felt, men dommaren avventa å blåse til Mohammed hadde sett ballen i nota. To minutt etter svara Fitjar på nytt då banens minstemann fekk heade inn 3-3.

 

Det vart sluttresultatet i ein fartsfylt og god G13-kamp. Kjekt med ung og lovande dommartrio av lokale 14-åringar. No ventar siste(?) serierunde i vårsesongen til helga. Så kjem kretsen vonleg med eit godt haustoppsett.

Kampfakta frå Fitjar kunstgras

G13: Fitjar-Trio2 3-3 (1-0)
1-0 (35 minutt)
1-1 (37 minutt) Gunnar Eikemo Steine
1-2 (50 minutt) Emil Haugan Solheim
2-2 (60 minutt)
2-3 (63 minutt) Mohammed Aljajan
3-3 (65 minutt)

 

Trio sitt lag: 

Martin Fjeldstad Smith, Noah Smith, Andre Nordøy, Anders Matre Vangsnes, Brage Ripel Harsvik, Emil Haugan Solheim, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Andri Sigthorsson, Tristan Thorkildsen Thorsen, Mohammed Aljajan.

 

– Are Ulseth