Sist helg vann Kenneth Blom sin årsklasse under NM i Akvathlon på Kalvøya, og denne helga hadde vi eit par deltakarar i Haugesund Halvmarathon.

Kenneth fullførte 2 km svømming + 10 km løp på tida 1.26,13. Dette var langdistansen i konkurransen. Svømmeturen vart av det kalde slaget med berre 13 grader i vatnet, men løpet vart gjennomført kontrollert og progressivt på litt over 46 minutt. Med det var han 2,5 minutt føre neste mann i klassen over 60 år og han var 19.mann blant alle mannlege deltakarar.

I dag var det Haugesund Halvmarathon med 300 deltakarar på startstreken. Hildegunn Håland var suveren i klasse kvinner 55-59 år med tida 1.37,56. Med det var ho også 17.beste kvinne totalt. Vi kan også ta med at Maiken Heimvik frå Sandvoll sprang inn på tida 2.12,49 og var 8.best i klasse kvinner 25-29 år. I herreklassen vart Terje Røssland Nes nr 8 i klasse menn 50-54 år med tida 1.42,07. (Tre bitre minutt bak broren Bjarte, som bur i Odda.)

Nøgde halvmarathonløparar: Hildegunn Håland og Terje og Bjarte Nes.