Flott deltaking på 3000 meter
Onsdag arrangerte friidrettsgruppa eit lite stemne, med kastøvingar for ungdom, samt ein 3000 meter for ungdom og vaksne. Heile 12 deltakarar på løpsdistansen må vera rekord for eit seriestemne i Trioregi. Vedlagt er resultater.
Det var ikkje stemne for barnegruppene denne gongen. Dei yngste og dei eldste hadde trening, medan 3.-4.klassen hadde fri denne gongen. Biletet over viser 1.-2.klassegruppa i oppvarming med “stiv heks”.
Årstein Eik hadde løpeøkt med 5.-7.klassegjengen.