Trio stilte med seks deltakarar på Bergensleikene i helga. For to av dei var det første deltaking på stemne utanfor kommunen. Og våre gjorde seg godt bemerka og drog heim med lommene fulle av medaljar.

I klasse gutar 14 år vann Sander Sæverud Jensen stavkonkurransen med 2,17 meter fredag kveld, før det var rake vegen heim for å spele seriekamp i fotball. Ådne Opsanger Tveit deltok i heile 6 øvingar, og kunne ta med seg 3 gullmedaljar heim. Den første kom med ny pers 32,94 på 200 meter hekk. Så vart det 4.plass på 100 meter med 13,97, før laurdagen vart avslutta med ein rysare av ein lengdekokurranse, som sette sjølv duellen Powell/Lewis i Tokyo-VM i 1991 heilt i skuggen. Her var det til slutt rivalen frå Fana som vann, men Ådne tok sølv med 4,89 som bestenotering, etter ein serie med 4 hopp over 4,84. Søndag noterte Ådne seg for 4.plass på 200 meter flatt med 28,67, som er pers med over sekundet. På 80 meter hekk vart det 1.plass med 14,08, og også i høgde vart det gull, med sterk ny personleg rekord på 1,57 meter (den gamle var 1,53).

Ein forrykande lengdekonkurranse der dei veksla på å leie fleire gonger. Før siste omgang leia Ådne på med minste margin: Likt bestehopp og 2 cm lengre nestbeste!

I klasse jenter 13 år tok Alexandra Tveit Rosendahl tre sølvmedaljar og ein bronse i løpet av helga. Sølv i både lengde (4,56) og 100 meter (14,91) laurdag. Søndag vart det bronse på 60 meter hekk med 11,85 og sølv i høgde med 1,42 meter, som er ny personleg rekord.

Alexandra hoppa over 4,5 meter fleire gonger.

I klasse gutar 11 år deltok Heine Sæverud Jensen og Giljar Saghaug Håland. I spydkast sette begge to ny pers med fleire meters margin. Heine kasta lengst av alle med 23,21 meter, medan Giljar vart nr 4 med 16,55. Så var det Giljar som tok sølv i lengdegropa med 3,80 meter (også pers), medan Heine vart nr 3 med 3,50. På 80 meter var Heine ei stortå framom kompis Giljar, tidene var 13,81 og 13,88. Heine deltok også på 600 meter og fekk tida 2.13,13.

Vetlebror Vegard Sæverud Jensen deltok elles i klasse gutar 8 år og fekk 2,51 meter i lengde og 8,56 på 40-meteren.

Alexandra og Ådne forsynte seg grundig i medaljefatet.
Heine tok bronse i lengde.
Giljar mottek sølvmedalje i lengde.
Vegard i farta på 40-meteren.