J15, 1. div. Rogaland, Trio – Bremnes 7-1 (3-0).
Etter tap, uavgjort og siger mot Bremnes i fjor og som naboar på tabellen før kampen, venta vi ein tøff og jamn kamp mot gultrøyene i kveld. Jamnt var det i ein halv omgang i motvind. Siste timen spelar imidlertid jentene fotball av høg klasse og leverer sin beste kamp til dato. Det gjorde sitt til at Bremnes måtte reisa heim med eit 6-måls tap.

Vi ønska å stå høgt frå start, men det viste seg å vera litt vanskeleg då vi hadde til dels kraftig motvind i første omgang. Vi begynner likevel svært bra og produserer 2 store sjansar heilt i starten av kampen. Deretter kjem Bremnes meir med og svarar med å produsera 2-3 store sjansar i medvinden. Altså heilt jamnt første 25 minutta. Då får vi frispark litt skrått høgre frå ca 22m. Ida får jobben med sin gode skuddfot og legg den vakkert opp i lengste hjørnet. Dette verkar å gje voldsom sjølvtillit, for bare 3min etter setter Cecilie inn 2-0 og 4min etter det serverer Ida Julie på blank goal frå dødlinja til 3-0. Ein meget bra siste halvdel av omgangen bidreg til ein klar 3-0 ledelse ved halv tid.

I pausen vankar det skryt for at vi gradvis spelar meir og meir ball og produserer sjansar og mål. Vi er enige om å stå endå høgare i presset i medvinden etter pause og stå etter med heile laget i presset.

Omgangen er 40 sekund gammal når Julie sett inn sitt andre til 4-0. Det meste føregår no på Bremnes sin halvdel og presset fungerer perfekt. Sidebackane står etterkvart godt inne på Bremnes sin halvdel og vi får brudd etter brudd i gunstige posisjonar. Meget bra jenter!! Julie er i støtet i dag og sett og 5-0 før Bremnes kjem på ein sjeldan visitt. Flott gjennomspel bak Ariana til spelar på løp og avslutning i hjørnet utagbart for Jenny som tar siste 20 i buret for Malene. Julie var ikkje heilt ferdig for dagen og gjer sitt fjerde til 6-1. Sophie avsluttar ballet med ein flott avslutning i langhjørnet til 7-1. Utover måla er det mange store sjansar, blnat anna har både Julie og Cecilie ein kvar i stolpen i andre omgang.

Einaste vi slit med i dag er ‘tellefeil’ i forsvar der midtforsvaret vårt blei liggande 2 mot 2 relativt ofte. I slike situasjonar må vi få back inn og kant ned, evt trekke ned ein midtbanespelar. Greit å ha noke konkret å ta tak i på treninga torsdag:-)

Ein fantastisk god kamp av laget! Heile gjengen bidreg med kollektivt god defensiv jobbing, og alle er innstilte på å gjere enkle valg med ball og gjere seg spelbar på ny. Utruleg kjekt å sjå når ein får dette til i kamp, slik jentene ofte får det til på trening. Ein EKTE LAGSIGER!!

Då er jentene oppe i 17 poeng på 9 kampar. Dette gjev minst 5. plass og fornya plass i 1. divisjon til hausten for andre året på rad. Bravo jenter!!

Siste vårkamp er torsdag 13/6 heime mot Haugar 2.

God dommar var Kristian Steinsvik frå Rosendal.

 

Laget i dag;

Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Julie, June, Sophie, Jenny.

 

Kristine, Stig, Per Einar (imponerte på sidelinja:-))