Laurdag skipa friidrettsgruppa til Trio, i lag med dei lokale Lionsklubbane, til Løveleiker for barn, unge og vaksne med funksjonshemmingar. 49 påmeldte var ny rekord og når vergudane tok til vet og bydde på finver, var det topp stemning frå start til premieutdeling, som var sjølve høgdepunktet i arrangementet.

Stemnet vart opna med musikk av Høyåker musikklag og tale av Lions-leiar Håkon Frode Særsten. Så opna både kiosken og sjølve stemnet, med øvingar i lengde, kule, liten ball, samt løpsøvingar 60 meter, 100 meter og 40 meter. I tilegg var det stasjon for boccia, som alltid veldig populært. Dette er femte gongen vi arrangerer Løveleiker og i lag med Lionskarane er vi no så drevne at arrangementet gjekk som smurt. Ein stor takk Sparebank 1-stiftinga for støtte til arrangementet, og til alle involverte, ikkje minst speaker Arne, dugnadsgjengen i kiosken og maskotane løva, haren og høna.

Her er link til Kvinnheringen sin omtale og bileter frå stemnet (betalingsmur)
Her er link til Grenda sin omtale og bileter frå stemnet (betalingsmur).
Her er link til Uskedal.no sin omtale og bileter frå stemnet.
Under ein del filmsnuttar og bileter frå moroa.

Ulrikke Vik med eit kjempekast på 39 meter!
Topp innsats på hundremeteren.
Her går det unna!
Filip Lauritzen var blant dei raskaste på sprintdistansane.
Filip poserer med høna og løva etter målgang.
Filip kastar litan ball, medan…..
…tvillingbror Christoffer og fanklubben heiar etter beste evne.
Travelt på Sander i kiosken.
Lena Johannesen med eit dugeleg kulestøt.
Kjersti Bauge Guddal får klem av haren etter gjennomført 60 meter.
Leif Inge Heimvik har vore med på alle Løveleikene vi har arrangert.
Tett mellom Christoffer, Roar og stemnets yngste, Linde (9) på 40-meteren.
Også ledsagarane måtte vise fram kondisen.
Tuva Anfinsen, Gro Natvik, Lena Johannesen og Synnøve Tjelle klare til start på 60 meter.
Haren, løva og høna tok ein intern duell for å få opp interesse før første distanse.
Are Ulseth og Trio friidrett fekk blom av Lions som takk for innsatsen.