Då nærmar det seg skuleferie og treningsgruppene i friidretten har denne veka hatt siste økt før sommaren, men tilhøyrande avslutning. Under er nokre bileter frå moroa, med kreative leiker og konkurransar. Så var det også is, pizza etc for å markere god innsats i vårsesongen.

Så er det at vi tek ferie ei sanning med modifikasjonar. Laurdag 27.juni arrangerer vi Løveleikene, friidrettsstemne for personar med utviklingshemming. Eitt av dei største og kjekkaste arrangementa vi har i løpet av året. Og til hausten bråstartar vi med mangekamp to kveldar i veke 34 (19.-20.aug), og ultraløp 3- og 6-timars i Husnes idrettspark laurdag 22.august.

Og til slutt: Kvinnheradmeisterskapen var opphavleg planlagt i slutten av august, men er flytta til søndag 13.september.

5.-7.klassegjengen måtte gjennom den brutale 90-graderen.
Flytting av nonstop med sugerør!
Presisjonskasting av liten ball for dei yngste.
Stafett er ein sikker vinnar.
Dei yngste koste seg med is på tampen av økta.
Dei eldste måtte prøve å få ei kjeks frå panna til munnen, utan å bruke nevane.
Nonstopflytting også for dei eldste.
Giljar vart overrekt Opp og fram-prisen.
Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner