Nyleg var Trio saman med Bremnes på besøk hos våre gode naboar i vest! Der arrangerte Etne IL aktivitetsdag for barn i alderen 6–10 år, og det vart ein stor suksess.

No var det vår tur til å ta imot Etne ❤️ To dagar med mange glade, raude fjes og høge saltoar!

Vi er heldige som har så flinke og kjekke naboar 😍
Vi gler oss allereie til neste besøk til hausten 🤸‍♀️

På spørsmål om kvifor IL-Trio Turn og Etne Turn har valt å samarbeide, forklarar sportsleg leiar i IL-Trio Turn:

Trio Turn har ein av dei beste basishallane for troppsturn i Vestland. Etne Turn har flinke gymnaster og gode trenarar. Difor starta vi eit samarbeid for eit år sidan. Vi stiller med ein flott hall, og Etne bidreg med gode treningsøkter. Dette er ein vinn-vinn for begge partar

 

Haugesund Sparebank er IL Trio sin hovudsamarbeidspartner.