G16: Trio2-Trio3 5-3. Endeleg var vi kome til dagen der seriesesongen 2022 skulle sparkast i gong. 16-årsgjengen har to lag i seriespelet og dei møttest til dyst på Kvednabekkjen i kveld. På snodig vis er dei påmeldt som Trio 2 og Trio 3, og då finst det ikkje noko Trio 1. Men det er ikkje så nøye. Vi er ei treningsgruppe og bemannar dei to laga i fellesskap. Han som delte inn laga i dag er godt nøgd, for det vart eit jamnt oppgjer som vart avgjort først i sluttminutta.

Trio 3 (kvitt “borte”-lag) gjekk i tidleg føring på eit flott angrep. Andri førte opp på venstresida og fann Abel, som serverte spissmakker Elias. Kontant i nota og ein pangstart. Så var det dei raude (“heimelaget”) som tok over og hadde store sjansar. Først i stolpen frå Emil, så i krysset frå Tristan. Men utatt. Tristan fekk også ein dobbeltsjanse, som banens bestemann, Martin, varta opp med to flotte blokkeringar av. I staden vart det 0-2 ved Elias, etter at Abdi hadde krangla seg til dødlinja og slo 45 grader tilbake. Flott prestasjon!

Trio2 reduserte fem minutt før pause då Tristan snappa ei feilpasning, men minuttet etter var det ny tomålsleiing. Abel vart lagt ned i feltet og var sjølv sikker frå 11-meteren. Dermed 1-3 midtvegs.

Ny redusering i opningsminutta av andre omgang, då Emil fann Tristan med ei perlepasning. Dei to hadde ein fin kombinasjon kort etter også, men då gjekk Tristan si avslutning like over mål. Heimelaget heldt eit overtak i banespelet og eit godt trykk mot ein solid stopparduo André og Lars, og bakerst var Martin i det umoglege hjørnet. Men 12 minutt før full tid kom utlikninga, då midtstoppar Kvandal var på rett plass i feltet etter retur på frispark.

Fem minutt før slutt kom det forløysande leiarmålet for Trio2. Tristan traff stolpen og Gunnar hamra nådelaust inn returen. Så vakna Trio3 til liv og var nære utlikning ved Andre si heading etter corner, på Noah sitt gjennomspel til Elias og ikkje minst då Abel snappa ei klarering og sette ballen rett utanfor for nesten blankt mål. I staden punkterte Harsvik’en på straffe, etter at Vegar vart felt på ei kontring. Dermed 5-3 til heimelaget og endeleg er vi i gong. Neste veke får vi Stord på besøk, og vi har bortekamp mot Rosendal.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio2-Trio3 5-3 (1-3)
0-1 (4 minutt) Elias Ulbi
0-2 (19 minutt) Elias Ulbi
1-2 (35 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
1-3 (36 minutt) Abel Hayelom (straffe)
2-3 (42 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
3-3 (68 minutt) Brage Kvandal
4-3 (75 minutt) Gunnar Eikemo Steine
5-3 (80 minutt) Brage Ripel Harsvik

Dommar: Hallvar Saghaug
Trio 2 sitt lag: Håkon Sundsteigen Nes, Håkon Georg Røssland, Brage Kvandal, Brage Ripel Harsvik, Joar Haugland Langeland, Vegar Seljelid Joleik, Willam Røyrvik Heggøy, Emil Haugan Solheim, Mathias Veastad, Gunnar Eikemo Steine, Tristan Thorkildsen Thorsen.
Trio 3 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, Andre Nordøy, Lars Ramski Nistad, Fredrik Saghaug Ekeland, Andri Sigthorsson, Noah Smith, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Abel Hayelom, Elias Ulbi, Erlend Blokhus.