Frå 1.juni, altså i dag, er det endeleg lov med kontaktfotball i ungdomsfotballen, for første gongen sidan koronanedstenginga tidleg i mars. Vi på G14 nytta høvet til ein intern 9arkamp i Valeparken i solsteiken, mest for å få ha drakter på igjen og feira at vi kunne gå til i duellane. Det var gutane veldig klare for, sjølv om det gjekk veldig pynteleg for seg. Kondisen kjentest heller ikkje ut til å vera på topp, men her skuldar vi på varmen…

Edvard går på fotball først og fremst for å få takle og har gledd seg stort til at kontaktfotball vart lov igjen :)

Vi hadde sett opp så jamne lag som mogleg, men det kryr ikkje av folk som er komfortable med å spele midtforsvar i gjengen, så når vi oppdaga at Anders ikkje kunne kome, vart det litt skeivt. På 5-0 fann vi ut at André skulle byte lag, og det jamna det heile ut. Om lag det første han gjorde for nytt lag var å heade ein corner i eige nett, men elles kan André skryte på seg å ha vunne 11-2(!) Men totalt endte no kampen 7-6 favør raudt lag, etter at keeper Martin varta opp med nokre forrykande paraderedningar mot slutten.
Kampens stødige dommar Hallvar Saghaug må ha vore den minst rustne av alle.

Kampfakta frå Valeparken: G14 Raudt-Kvitt 7-6 (6-1)
1-0 (14) Mohammed mælar den klink i krysset
2-0 (15) Mohammed (assist: Sander)
3-0 (17) Mohammed på retur
4-0 (20) Tristan snappar ei feilpasning
5-0 (22) Mohammed på dribleraid
5-1 (25) Elias kald mot keeper, spelt fri av Gunnar
6-1 (27) Sjølvmål, praktfull cornerheading av André
6-2 (36) Elias plukkar ein retur i feltet
6-3 (38) Emil driblar to og kontant i hjørnet
6-4 (41) Elias i bakrom
7-4 (45) Mohammed på kontra med ein banehalvdel åleine
7-5 (55) Brage H kald i hjørnet på pasning frå Emil
7-6 (60) Elias nydeleg frispelt av Mathias

Nøgde gutar på fredagstreninga: Endeleg lov med kontaktfotball!