Trio G14-Trio G15 4-2 (3-0). Å vente heilt til mars før ein har årets første treningskamp, er jo hårreisande for dei som har hår. Men slik vart det i år, vinteren har gått utan at det har vore opna for kampaktivitet. Men no er internkamp lov og G14 og G15 nytta høve til å få litt matching. Det vart ein kjekk og jamn kamp, der dei yngste drog det lengste strået. Medan vi 15-åringane framleis er i delte grupper, har G14 slått saman fjorårslaga frå Trio og Ternen/Trio til ein sterk gjeng som i år skal bryne seg i 1.divisjon i Rogaland.

Det var vi på G15 som starta best og hadde flest sjansar første 20 minutta. Så snudde det siste del av omgangen, og G14 viste meir effektivitet når dei fekk sine sjansar. Dermed 3-0 midtvegs, sjølv om det i spel var jamnare enn som så. Våre (G15) beste sjansar kom ved Elias, Abdi og Noah, men alle gongane sto ein god keeper Håkon Tarjei i vegen. Største sjansen hadde gjerne Vegar, då Gunnar spelte han heilt fri, men i staden for å halde roen og dempe først, så vart avslutninga på direkten for slapp og gjekk utanfor. Det gjorde ikkje Willam S og Kevin sine susande langskot i andre enden, og heller ikkje Lars si avslutning på Kevin sitt gode innlegg. Som sagt, 3-0 halvvegs.

I andre omgang la Sondre tidleg på til 4-0, men dette var Ola sitt mål. Eit gjennomspel av toppklasse! Vi på G15 skal vera nøgde med at vi klarte å halde moralen oppe og stå på sjølv om det butta i mot i målprotokollen. Det sleit vi meir med i fjor, kjekt å sjå gutane backe kvarandre opp og kjempe på. Lynranske Elias kom åleine gjennom, men nok ein gong var Håkon Tarjei ute og avverga. Det gjorde han også då Gunnar fanga ein retur og var åleine på bakerste stolpe. Men til slutt vart det redusering, då Elias scora etter assist frå Gunnar.

Så var det lenge relativt sjansefattig, før vi reduserte ein gong til då André nikka inn ein god corner frå Gunnar. Kanskje var ballen allereie inne, vi har enno ikkje fått svar frå Hawkeye på om Gunnar kanskje var målscorar. Og nettopp Gunnar skal få ros for å vera ein av våre beste i dag, han skapte mykje på vingen. Og regissør for mykje av angrepsspelet var Noah, som briljerte med mykje kreative pasningar. I tillegg blir William og Brage stadig tøffare, noko som kjem godt med når vi i år skal spele i felles G15-16-årsserie.
For G14 var som nemnt keeper Håkon Tarjei knallgod, og av utespelarane må Eirik trekkjast fram. Ikkje den som er mest synleg, vetle guten, men ein særs viktig brikke på defensiv midt med trygge pasningar, sugande returløp og vinnarvilje i duellane.
Vi satsar på eit nytt møte før kampsesongen startar om ein god månad, sidan vi no kan notere at Zinken cup i Odda er avlyst.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio G14-Trio G15 4-2 (3-0)
1-0 (16 minutt) William Saghaug
2-0 (28 minutt) Lars Nistad
3-0 (39 minutt) Kevin Kvernenes
4-0 (46 minutt) Sondre Soma Ersland
4-1 (55 minutt) Elias Ulbi
4-2 (68 minutt) André Nordøy (eller Gunnar Eikemo Steine)
Dommar: Ishmael Soosainather
Trio G15: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Brage Kvandal, André Nordøy, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, Gunnar Eikemo Steine, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Jonas Hjelmeland Naterstad.
Trio G14: Håkon Tarjei Nes, Geir Hillestad, Troy Voster Lars Eirik Holmedal, Ola Haugan Solheim, Erlend Blokhus, William Saghaug, Eirik Soma Ersland, Jonathan Dale, Kevin Kvernenes, Sondre Soma Ersland, Adrian Jensen, Joachim Tolo, Lars Nistad.
– Are Ulseth, trenar G15