Det er så lenge sidan sist kamp at forfattaren knapt huskar korleis ein lagar innlegg på Trio sidene!! Greit at ein blir eldre og gjedna huskar dårlegare, men det er uansett jaggu på tide med kamp!

Kaptein Ingeborg har trent mest av alle og er kanonklar for kamp!

Mykje har skjedd sidan sist og gjennom Coronaen. Jentene har trent svært bra, imponerande oppslutning og innsats også på “kjedelege” Corona treningar utan vanleg spel. Klubben vedtok tidleg i juni å slå saman J17 og damelaget der tanken var å spele 5. div damer i Hordaland. Dette vart det som kjent ikkje noko av, så då var det godt at vi fortsatt hadde ein plass i J17, der 95% av gruppa held alderen for å kunna spela. Det ville vore eit rekordungt damelag i 2020, det er faktisk også eit ungt J17-lag, då majoriteten av jentene er 16-åringar som utgjorde fjorårets J15. Vi har no blitt ei noko større gruppe med 17-åringane Mia Høydahl, Helene Eikenes, Emma Heggøy og Selma Kleveland.

Seriestarten går TYSDAG i Haugesund og motstandar er Djerv 1919. Vi kjenner ikkje til 17-åringane deiras, men hadde ein siger og ein uavgjort mot J15-laget deiras i fjor. Håpar på nok ein jevn kamp:-). Resultatet blir uansett som det blir – no skal det bare bli knakande kjekt å få prøvt seg i kamp igjen, og muligens snopa litt på Kvala på vei heim:-).

Då er det bare å logga på mobilen tysdag kl. 18.30 og følga jentene på Liveoppdatering!

Per Einar