Volleyballgruppa i IL-Trio har gjort eit skup og forhandla til seg to eliteseriekampar på Husnes. Mizunoligaen, som eliteserien heiter, flyttar med det inn i Kvinnherad Arena denne helga. Ein herrekamp og ein damekamp. Begge kampane går av stabelen 9.februar. Og ikkje berre det, i damekampen skal Kvinnherad sine dyktigaste spelarar måla krefter. Christine Skogseth Bjørsvik skal opp mot Siri Aasgaard og Lilli Tuften Aksnes-Øystese. Christine sitt Koll, som vart NM-meister i fjor, skal bryna seg på Siri og Lilli sitt TVN (Toppvolley Norge).  

Billettar kjøper du via Checkin:

https://event.checkin.no/102928/eliteseriekampar-volleyball-kvinnherad-arena-9-februar-2025?fbclid=IwY2xjawH9rS9leHRuA2FlbQIxMAABHYI6gFavO4X6WTr8f0wpUrOEYZCIDDhI4kaFU64WxJuaaV__MBwG7XkeKg_aem_k6Q0_r3uMSl_3iIfBn3Bxg

Foto: TVN

Men først skal NM-finalist på herresida, BK Tromsø, møta TVN (Toppvolley Norge). Dei gyv laus på kvarandre kl 12.30. Damene dalvar laus på ballane kl 15. 

Det er ikkje nett nokre småtassar som tek turen. Koll har vunne tittelen tre år på rad no, og har 17 i skapet. På herresida kan Tromsø skilta med 10 NM-titlar. 

Det er kjekt at Kvinnherad og Trio får vera vertskap for ypparste nivå av ei idrettsgrein med lang historikk i kommunen. Bli med, så lagar me eit herleg kok i arenaen denne søndagen.  

Foto: Nigel Boyce

«Det blir skikkeleg kjekt å spele bortekamp på «heimebane» – det byrjar å bli nokre år sidan sist! Det er stas å få vise fram heimbygda mi til laget til laget og ikkje minst den flotte, nye arenaen. Eg håpar også at både trio og lokalmiljøet synest det er gøy og motiverande å få sjå volleyballkamp på elitenivå på dame- og herresida. Eg gler med verkeleg!» Christine Skogseth Bjørsvik. 

Foto: TVN

«Eg synest det er veldig gøy at Trio skal arrangera dette. Og gler meg til å spela på det høgaste nivået i Noreg så lokalt, og forhåpentlegvis ha mange kjende på tribuna. Eg gler meg mykje til å få spela på «heimebane» og å visa lagkameratane mine heimplassen min og å kjenne på stemninga i arenaen på Husnes» Lilli Tuften Aksnes-Øystese.