Ekstra fotballaktivitet i haustferien
TRIO EKSTRA – PÅMELDING ⚽
I haustferien inviterer IL Trio til Trio Ekstra og Trio Ekstra Pluss – Fleire dagar med fotball, utvikling, meistring og fellesskap på Husnes.
Tilbodet er for alle som har lyst på litt ekstra fotball i ferien, uavhengig av nivå.
TRIO EKSTRA
For 1.–6. klasse
Tre dagar med varierte fotballøkter og aktivitetar. Lokale trenarar og seniorspelarar følger opp deltakarane og legg til rette for utvikling, meistring og mykje fotballglede.
Måndag–onsdag
Kl. 09.00–13.30
Frukt, mat og drikke kvar dag
TRIO EKSTRA PLUSS
For 7.–10. klasse
Eit eige opplegg tilpassa ungdom som ønsker litt ekstra trening og utvikling. Her blir det meir fokus på kvalitet i treninga, teknikk, speleforståing, intensitet og gode treningsvanar – samtidig som det sosiale og fotballgleda står sterkt.
Torsdag–Fredag
Kl. 09.00-13.30
Frukt, mat og drikke kvar dag
PÅMELDING
Ved påmelding vel du mellom Trio Ekstra (1.–6. klasse) og Trio Ekstra Pluss (7.–10. klasse).
TRIO EKSTRA
Pris TRIO EKSTRA: 750 KR per person
Pris TRIO EKSTRA PLUSS: 500 KR per person
Påmeldingsfrist: 1.Oktober
Påmelding TRIO EKSTRA: https://app.hoopit.io/join/trio-idrettslag-676063/open/trio-extra-976588
Påmelding TRIO EKSTRA PLUSS: https://app.hoopit.io/join/trio-idrettslag-676063/open/trio-extra-pluss-864873