Nok ei aktiv helg for vore to ivrige friidrettsutøvarar Ådne Opsanger-Tveit og Alexandra Tveit Rosendahl.

Ådne deltok i Mailekene i Haugesund. Med 13,31 var han rett bak persen sin på 100 meter. I eit særs sterkt felt i G15-klassen (vinnaren hadde 11,51!) gav det 9.plass. I høgde vart det derimot gullmedalje etter ein spanande konkurranse. Ådne vann med 1,60 på færre riv enn han som vart nr 2. Søndag vart det så 4.plass på 200 meter med 27,72 og førsteplass på 100 meter hekk med 16,37. Det var motvind på løpsdistansane, så dei personlege rekordane fekk overleve helga. Så vart det også gullmedalje i lengde, med eit hopp på 5,28. Her var samtlige av Ådne sine 6 hopp 4,90 meter eller lengre, ein særs stabil serie.

Alexandra deltok i NM/UM i mangekamp på Fana stadion. Her var det utøvarar frå heile landet og 7 deltakarar i J14-klassen. Diverre var Alexandra sjuk og måtte gje seg etter to øvingar. Men sjølv ute av slag hadde ho teke andreplass i begge dei to første øvingane før ho måtte kaste inn handduken. 8,83 på 60 meter og 4,29 i lengde var resultata ho fekk med seg. Og samanliknar ein med dei personlege rekordane i øvingane, skulle ho frå Ullensaker/Kisa som vann konkurransen fått hard konkurranse om Alexandra hadde vore frisk. Synd, men det kjem fleire sjansar. Om to veker står Rosendalsleikane på programmet.