J17, 1. div Rogaland: Trio – Falkeid 4-0 (0-0).

Trio tok måndag kveld imot Falkeid til ein utsatt kamp i J17-klassen. Vi mangla Julie, Helene og Siren for anledningen, men stilte med ein god tropp på 16 spelarar. Vi hadde eit meget surt 1-2 tap frå i fjor å revansjera i flott haustver denne kvelden.

Kampplan var å gå ut i 100 med høgt press og jage tidleg mål. Vi jobbar godt og er aggresive i press, men Falkeid er og veldig påskrudd frå start med godt duellspel og ein direkte spelestil. Dette har vi slitt med før, så også i første omgang i dag. Falkeid hindrar oss effektivt å spele ball og vi blir med på “tut og kjør” fotball i store periodar. Kun sporadisk evnar vi å roa ned med ball i laget. Slik sett eit godt steg tilbake frå sist kamp, men ingenting å sei på vilje og innsats. Vi er klart best og har eit press omgangen gjennom. Vi har og har eit par store sjansar, men slit litt med valg og kvalitet i siste pasningen dei gongene vi får etablert spel. På toppen får vi kaptein Ingeborg skada og ho må ut før pause. Selma ned i midtforvaret, der ho gjer ein veldig bra jobb saman med Ariana.

Jentene får skryt for god innsats i pausen og ein solid oppfordring til å roe meir ned med ball i laget – ikkje stresse. Som sagt så gjort. Først eit angrep med 6-7 trekk og avslutning, før Cecilie får sjansen frå ca 20m og bankar ballen i nettaket allerede etter 2 minutt av omgangen. Falkeid har deretter ein ball på oppsida av tverrliggar etter corner. Midtvegs i omgangen tar Synna ut på eit voldsomt raid på venstresida. Ho får til slutt valget mellom å legga ut eller skyta. Denne gongen blir det skudd og ho bankar ballen hardt oppe i langhjørnet. Flott soloprestasjon og scoring! No er det ein mykje opnare kamp med masse rom å spele i. Falkeid har ein i stolpen, men vi skapar mykje meir no og Ida er neste på lista med stjernetreff. Kanonskudd frå  nærmare  25m oppe i nettaket. Synna får eit par minutt på slutten etter kvile på sida og nyttar høvet til å setta punktum med 4-0 på overtid med eit lavt skudd i hjørnet frå skrått hald høgre.

Synna var banens beste i kveld og scora og 2 flotte mål!

 

Greit å vinna komfortabelt 4-0 på ein middels dag:-). I dag syns vi 2-måls scorar Synna var banens beste, mens Ariana framheva seg med nok ein solid kamp som midtstoppar.

Ariana har levert jevnt bra i heile haust, nok ein solid kamp i kveld!

 

Laget i dag: Malene, Ariana, Ingeborg, Linnea, Malin, Selma, Cecilie, Annie, Synna, Ida, Emma H., Emma SM, Mia, June H., June Marie, Astrid.

God kamp av June på høgrebacken!

 

Neste kamp er heime mot Bremnes kommande fredag. Då håpar vi Julie og Ingeborg har rista av seg skader og blir klare:-)

Kristine, Stig & Per Einar:-)