Laurdag arrangerte Lions og Trio friidrett dei årvisse Løveleikene, eit friidrettsstemne for personar med utviklingshemming. Den gamle deltakarrekorden var på 48, medan vi denne gongen hadde heile 100 påmeldte. Altså ei stor utfordring føre oss. Men alle og alt var med oss denne dagen, inklusive vergudane. Ein strålande dag og berre strålande blide menneskjer. Velviljug hjelp frå Kvinnherad taxi, som gratis transporterte deltakarar frå leiren på folkehøgskulen på Halsnøy, ordførar Hilde Enstad som held opningstale, Uskedal seniororkester som sto for musikk til opninga, og ivrige funksjonærar i sekretariat, kiosk, speakerteneste og sjølvsagt sportsleg på dei ulike øvinga.

Det vart konkurrert i både boccia, lengde, kule, liten ball og fleire løpsøvingar, utan at konkurransen var det viktigaste. Her var alle vinnarar og presterte sitt beste ut i frå veldig ulike føresetnadar. Det må likevel vera råd å ta med at Ulrikke Vik kasta 39 meter i liten ball, og Jan Tore Johnsen 43 meter. Idrettsgleda var likevel viktigast, og ikkje minst gleda alle viste då kvar og ein vart ropt opp og var oppe på premiepallen for å få medalje og diplom. Samt ein is.

Sjølv om Lions no legg ned aktiviteten sin i Kvinnherad, vil vi sjå på om friidrettsgruppa kan overta arrangørfunksjonen så det kan bli Løveleiker også neste år.

Topp stemning og mykje sosialt mellom slaga.
Mykje folk var samla til Løveleikene på Husnes stadion.
Svein Jarle Legland kan det med å juble på premiepallen!
Gro Natvik var godt nøgd med medalje, diplom og nok ei Løveleike-tskjorte.
Nervøst før starten på den prestisjefulle 40-meteren.
Startar Dagfinn Jensen har gjort klart nok eit heat med toppsprintarar.
Løva, haren og høna var sjølvsagt på plass i år også.
Nokre hadde vet til å plassere seg nær kiosken.
Speaker Agnar Melkersen fekk hjelp av Jan Tore Johnsen, som førte ordet like godt som han briljerte i kastøvingane.
Eirik Nordal får opp eit kjempestøt i kuleringen.
Uskedal seniororkester sto for musikken til opninga.