Med to lag i serien får vi to kampar mot kvar motstandar, og begge dystene mot Fitjar var lagt til denne veka. Det vart både siger og tap. Måndag tok vi turen ut i havgapet og det endte med gufne tal. Heile 8-0 tapte vi. Kampen var betydeleg jamnare enn det, men vi var noko naive og lot oss springe i seink på overgangar gong etter gong i første omgang. Midtvegs sto det difor 7-0, men andre omgang vart betydeleg betre. Offensivt skapte vi ein god del både før og etter kvilen, men det var dagen då vi ikkje skulle lukkast i det heile. Skit au, greitt å få samla det på ein dag.

I dag var det rom for revansje, då Fitjarbuen kom på kveldsbesøk. Kampstart kl 20.15 luktar det Champions League av, og då varta også gutane opp med ein strålande kamp. Fitjar er ein triveleg og fintspelande motstandar og begge lag viste i periodar mykje godt spel. Kampen sto lenge og vippa, men denne gongen var vi kvassast i front. Først 55 minutt ut i kampen kom første målet, og det etter flotte prestasjonar. Fredrik med fin crossar til Brage. Harsviken måtte sjølvsagt varte opp med ein av mange tunnellar, før han la 45 grader attende til Emil, som scora sikkert. Kort etter kom 2-0, då Emil vendte Fredrik fri på venstre, og med ein snasen chip over keeper gjekk ballen i nota. Så var det Abdi sin tur, då han var først på eit innlegg og dytta inn 3-0. Vi skulle dog ikkje halde nullen, då Fitjar i sluttminuttet sendte fram sitt hemmelege angrepsvåpen frå venstreback. Dermed 3-1 til slutt og iherdig jubel frå våre karar.

Neste veke blir vårens travlaste med kamp både måndag, torsdag og fredag. Heldigvis er reiselengda på det minimale.