Sør Cup,Dag 1:
Trio sitt J15 har unnagjort 2 av 4 kampar i puljespelet i årets Sør Cup. Det har dei gjort med bravur med 13-1 siger mot Kvelde IL og 5-0 mot Vindbjart. I morgon ventar 2 kampar på sjølvaste Sparebanken Sør Arena som vil avgjera om det vert A- eller B-sluttspel for jentene.

Cecilie leverte ein kruttsterk første dag i Kristiansand
Første kamp var mot Kvelde IL, allerede kl. 08.00 på ærverdige Kristiansand Stadion, som bydde Sør Cup deltakarane på ei strøken og nyklipt matte som vanlig. Kvelde bestod hovedsakleg av 14-åringar, kun 2 stk 2004-modellar. Burde nok basert på dette spelt J14 då ein har lov å ha med 2 overårige. Det blei ihvertfall einvegskjøring i 2 x 25min og etter 9-0 til pause tok vi av Julie for kvile og satte Synna i mål så Malene fekk delta litt i spelet ho og. Det enda til slutt med 13-1 siger og ein god start på turneringa for våre jenter.

Ida var på hugget og scora i begge kampane i dag
Neste kamp er mot eit antatt sterkt lag frå Vennesla, Vindbjart. Dei knivar til dagleg om 1. plassen i 1. divisjon Agder med Flekkefjord. Jentene spelar kanskje sin absolutt beste kamp til dags dato og levnar ikkje det lokale laget ein sjanse. Det står 0-0 til pause etter ein omgang i motvind der deiras keeper er banens beste og gjer mange gode redningar. Det er likevel berre tidsspørsmål før scoringa skal komme og Cecilie lukkast endeleg tidleg i andre. Då sett ho like godt ein til like etter og deretter lobbar både Ida, Julie og Synna inn kvar sitt slik at det til slutt endar med komfortable 5-0. Vindbjart klarer ikkje skapa ein einaste målsjanse mot oss på 50 minutt, etter svært godt kollektivt forsvarsspel av Trio laget og ein duellstyrke vi ikkje har sett makan til før i laget. Då blir det fort bra og dette lukta det svidd av, imponerande jenter!

Astrid var positiv på kant og scora mot Kvelde
I morgon tidleg ventar ei veldig stor utfordring, då skal vi opp mot Bønes på Sparebanken Sør Arena kl 09.00. Bønes har vore klart best i Hordaland krets siste året og vann nettopp 1. divisjon J15 Hordaland utan poengtap. Kjekt å sjå kva vi kan klara her:-). Det heile kan nok bli avgjort i siste oppgjer mot Asker som og går på Sør Arena, denne kl. 13.10. Skulle ein klara A-sluttspel, går semi på tirsdag. B-sluttspel, så blir det spel mandag.

I kveld er det cupshow på Torget i Kristiansand:-)

J15, Sør Cup, dag 2;

Jentene hadde 2 relativt tette kampar på sjølvaste Sparebanken Sør Arena søndag. Jevnt, spennande og dramatisk då jentene 20 sekund før slutt sikra seg billett til A-sluttspel og semifinale tirsdag.

Begge dagens kampar vart spela på mektige Sparebanken Sør Arena
Ført skulle vi opp mot laget som siste året har vore det klart beste i årsklassen i Hordaland krets. Laget slo blant anna Rosendal 7-0 i vår og har vunne 1. divisjon utan poengtap. Dei har til og med ein J14 landslagsspelar på laget, noko vi sjølvsagt unngjekk å fortella jentene før start:-).

Linnea i fokus i dag, flott jobb mot Bønes og frisparkmål mot Asker frå nesten 40m!
Vi legg oss lavt i presset og ser kjapt at dette er eit bra lag. Men jentene gjer seg aldri utan kamp, kliner til i duellane og sett seg kjapt i respekt hos dei suverene jentene frå Bergen. Første omgang er relativt jevnspelt. Det glipp ein gong då ei klarering kun finn vegen til ei Bønes jente og like etter er dei gjennom åleine og sett 1-0 tilsides for Malene. Vi slepp elles Bønes til veldig lite gjennom kollektivt og godt forsvarsarbeid. Vi er på nokon nesten-visittar sjølve og, men skapar lite mot eit svært ballsikkert og velspelande lag. 0-1 til pause og masse skryt til gode jenter.

Søskenbarna Lygre trivdes godt på Sør Arena. Malin med sin beste kamp i Trio trøya mot sterke Bønes, Ida matchvinnar mot Asker.
Landslagsspelaren, som Linnea gjorde ein kjempejobb mot, skjer gjennom tidlig i andre og doblar ledelsen. Ikkje lenge etter kjem Julie seg fri skrått høgre, skjerer inn og sette den over keeper til redusering. Bønes kjenner seg litt pressa, men ror til slutt i land ein siger som opplagt må seiast å vera fortent, men ein mektig innsats av våre som jentene kan vera svært stolte av. Flott jobba av heile laget, ekstra pluss til forsvarsfiraren som spelte ein glitrande match, samt til Malene for flott keeper spel.

Ingeborg har storspelt under Sør Cup
Då var det 3 timar med kvile, mat og drikke før avgjerande kamp mot Asker. Etter at østlendingane hadde dunka Vindbjart heile 9-0 på morgonkvisten, var det klart at Trio måtte vinna siste kampen for å bli 2 i pulja og sikra A-sluttspel. Vi vel då å gå ‘all-in’ og i strupen på Asker frå start. Ein glimrande omgang i ultra høgt press og gjenvinningar høgt i banen. Det vart med eit frispark frå Linnea frå 35-40 meter som ho løftar heile vegen inn og over målvakt. Hadde ikkje vore noko å sei på om ledelsen hadde vore på 2-3 mål til pause.

Vi får ein verst mulig start på andre omgang då Asker på eit innlegg frå venstre får lurt ballen bak Malene til ein noko ufortent utligning. Vi slår umiddelbart tilbake då Cecilie kjem seg heilt fri og serverer Ida på sølvfat ’45 ut’. Ida tok dessverre ein ‘Løkberg’ (Brann mot FKH) og Asker slepp med skrekken. Dette verkar å ta litt av lufta ut av Trio jentene som no byrjar bera preg av det harde kjøret frå start. Asker overtek initiativet og har eit par farlege sjansar som stryk like utanfor. Men vi slepp med skrekken og maktar å mobilisera til ein sluttspurt siste 5. Julie blir tatt 2 gonger i denne fasen og siste er like før slutt og 10 cm utanfor 16m skrått høgre. Ida har satt noken frispark i vår og var hevnlysten etter bommen tidlegare. Ho løftar ballen i lengste hjørnet over keeper og ein enorm jubel både på tribune og benk. Dommar bles av like etter avspark – og sigeren og A-sluttspel var sikra for flinke og tøffe Trio jenter. Som vi seie, ‘dåke e sabla goe’!

Spelefri i morgen:-). Deretter semifinale kl. 11.30 på Kristiansand Stadion (gras) tirsdag. Onsdag blir det også spel, enten finale eller bronsefinale:-).

Kristine, Stig og Per Einar