J15, 1.div Rogaland: Trio-Vedavåg/Skudenes 2-1 (1-1).

Med 2 lag utan poengtap var det duka for ein rein seriefinale i siste serierunde søndag kveld på Kvednabekkjen. Vedavåg/Skudenes hadde betre målforskjell enn oss etter å ha bøtta inn masse mål i haust. Vi valgte å visa respekt for dette og kampplan var lavt press frå start. Dette funka bra og vi fekk stengt dei romma vi visste bortelaget ønska å utnytta. Framover har vi også flest og størst sjanser og det er ikkje ufortent då Julie er sterk i feltet og får kriga inn eit fint innlegg frå Malin etter 15 minutt. V/S var skumle på cornerar og etter halvtimen utliknar dei då ein av desse vert nikka kontant i nota. Inn mot kvilen er bortelaget best og det verkar å vera rettferdig med uavgjort til pause etter ein tøff og jevn omgang.

Leah Mo

Vi fortsett i lavt press i andre omgang og overtek kampen meir og meir. 13-åringen Leah Mo (bilde) spelar 2. omgang på venstre kant og herjar til tider med backen til mostandar. Beste vi har sett av Leah! V/S er sjeldnare på visitt føre vårt mål. Stemninga er god på ein godt besatt tribune i kulden og heiaropa derfrå verkar å løfta jentene fram. Men vi treng eit mål til og etter eit kvarter får jentene beskjed om å legga om til høgt press. Nesten umiddelbart får vi uttelling då Julie pressar keeper og får lurt inn 2-1. Vi velger å fortsetta i høgt press og har stålkontroll siste 25 minutta gjennom svært godt forsvarsspel og god jobbing av heile laget. Bakerst var Malene PÅ så det holdt og plukka det som kom utover kampen. Sjølv ikkje flomlyset klarte få jentene ut av fatning då det vart bekmørkt 5 minutt før slutt. Vi har store sjansar til å auka til både 3 og 4-1. Men det holdt med 2 og jubelen stod i taket då Steinar Sæther blåste i fløyta for siste gong i kveld. Serievinnar med full pott, 21p på 7 kampar og 26-4 i målprotokollen, for noken jenter! Spelarar, trenarar og føresette feira umiddelbart etter kamp på Pizzabakeren:-). Heile den flotte sesongen skal feirast med stil på Triohuset i desember når vi er ferdig med treningane for i år:-).

Laget i dag: Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Julie, Leah, June, Jenny.

Kristine, Stig og Per Einar:-)