G15-16 tok i går turen til Heio i Uskedal for dobbeltkamp mot Rosendal sine gutar.

Først var dei eldste i aksjon. Rosendal gjekk tidleg i leiinga, men Sondre svara umiddelbart med eit fint skot i hjørnet. Etter knappe halvtimen gjekk vi også i leiing, mykje på same viset. Odin vann att ballen høgt i banen og styrte kontrollert 1-2 inn via stolpen. Kort etter også ein diger dobbeltsjanse for Odin og Abdul, etter forarbeid av Daniel, men flotte redningar av målvakta. Det også på tampen av omgangen, då Odin og 2xVegar sto for ein kanonade mot Rosendalkeeperen. Han er god, men vi skaut han også god. Rosendelingane hadde også 3-4 store sjansar, oftast ved at dei fekk vel mykje rom og fred sentralt 15-20 meter frå mål. Men Bendik og stolpane hans rydda opp. Dermed 1-2-leiing til oss midtvegs.

Utover i andre omgang hadde Rosendal hakket meir å fare med. Medan vi har få 16-åringar og ein haug 15-åringar, har dei innante motsett fordeling. Og skilnaden i fysikk kom gradvis meir til syne og Rosendal vann til slutt 4-2.

Så var det reint 15-årslag frå oss i kamp 2, rett nok pluss keeper Bendik, som fekk spele ute. Her leverte vi ein litt slapp første omgang og låg under 2-0, men likevel hadde vi minst like mange store sjansar som heimelaget. Mohammed vart fleire gongar spelt åleine gjennom, men hadde ikkje marginane med seg. Vegar og Tristan også med store sjansar, men mål vart det ikkje.

Det ordna derimot dei to kort etter pause. Vegar rundt på kant og det gode innlegget banka Tristan kontant i nota. Likevel la Rosendal på til 3-1 ti minutt seinare, og det vart også sluttresultatet. Med ei handfull fråver var vi 21 gutar til dei to kampane, og det vart dugeleg med speletid på dei fleste. Med uvant underlag, ei sugande grasmatte, var det krampetendensar på mange. Inklusiv den stødige dommar Ruben Rogne, som fekk to kampar utan pause. Størst plussar for prestasjonane i dag til Sondre, Tristan og Jonas.

Trenar Are Ulseth