G13: Husnesgjengen utgjer Trio 2 og 3 og Moster hadde bedt om å få spele begge bortekampane mot oss på same dag. Som sagt så gjort. Det endte med to jamne kampar og to greie sigrar til oss.

Valegutane (Trio 1) hadde varta opp med storsiger mot Moster tidlegare i veka, så enkelte av våre gutar såg nok for seg at dette skulle bli veldig lett match, så vi trenarar hadde i hovudsak som oppgåve å få våre ned på jorda og ta oppgåva på alvor. Det viste seg høgst nødvendig, for mostringane hadde nok å fare med til å gje oss dugeleg motstand.

Unnataket var første kvarteret av første kampen, og då kreftene tok slutt siste kvarteret av den andre. Vi mønstra litt meir fysikk i det første oppgjeret og dominerte frå start. Når i tillegg minien vår på topp, Elias, er på hugget som ein klegg på speed for tida, så kom det 4 kjappe mål første kvarteret. 1-0 ved Elias då Mohammed sendte han åleine gjennom. 2-0 rett etter. Underteikna såg ikkje det, då eg sto og noterte første målet. Og på 3-0 sto vi trenarar og prata, så vi fekk ikkje med oss det heller. Abdi noterte seg for den, før Elias sette inn sitt tredje på retur etter corner.

4-0 etter kvarteret og så var det helg. Resten av kampen vart jamnspelt og endte 1-1. Gunnar med ein susar i stolpen og Mohammed sendte keeper ut i full strekk med eit skot på halv volley, men elles skapte vi ikkje all verda. Rett etter pause reduserte Moster etter at Martin gjorde ei flott redning på frispark, men ingen av våre brydde seg med returen. Så punkterte William kampen på slutten då han var framme på ein retur.

Heilt ny rekke på banen frå start av neste kamp, utanom at Michael gjekk i mål og Elias fekk fornya tillit på topp. Kjekt å ha Jonas tilbake på banen etter å ha hatt pause nokre månadar. Ein god del lettvektarar på banen i denne kampen, men kjekt å sjå småtassar som Noah, Jonas og Vegar bli stadig meir mannfolk for kvar kamp. Noah i ny rolle som midtstoppar i denne kampen, det gjekk imponerande bra. Vi kan som lag notere at vi er blitt mykje betre i haust til å brette opp ermene og trøkke til i duellane.

Elias sendte oss i føring også i denne kampen, då han kom rundt på venstre og burde lagt inn. Men det er vanskeleg å kjefte så veldig når han i staden knallar ballen hardt i nota frå forferdeleg skrå vinkel. Men Moster svara med å presse oss høgt. Veldig mykje høgare enn kva våre gutar hadde venta og det var fortent då dei utlikna med eit fantastisk skot i vinkelen frå 20 meter. Michael var sjanselaus og den var verdt inngangspengane åleine. Om lag som Rekdal på Wembley for 27 år sidan.

Kort etter kom også 1-2, men vi svara få sekund etter med 2-2 då keeper Michael fann Elias i bakrom med eit langt utspark. Vi likar helst å starte ut til back, men då mostringane pressa oss høgt med 3-4 mann, var det trong for ein del lange utspark i denne kampen. Moster fornekta seg ikkje og scora to gonger til før pause, medan vi var nære med ein volley like over av Vegar og eit skot på innsida av stolpen og ut av Elias.
2-4 til pause. Ein litt stressa Triogjeng, men det gjaldt å halde roen og bruke kantane meir. Elias reduserte på halv volley tidleg i omgangen, men så tok det si tid før vi fekk meir utteljing. Mostringane vart slitne mot slutten av kampen så det var berre snakk om å vera tålmodige og male på. Vi skapte stadig meir, særleg på høgrevingen til Vegar. Han plagde borteforsvaret til stor frustrasjon i andre omgang. Tre gonger åleine med keeper. Først i nettveggen, neste i stolpen og tredje gangen vart han felt og vi fekk straffe. Den sendte Elias så høgt over at den gjekk rett i vinkelen på 11armålet som sto 16 meter lenger bak :D
Men det måtte bli mål til slutt. Vegar med forarbeidet og Elias med ei lang tå i feltet. Mostringane vart til slutt så frustrert at Vegar måtte ut med skade etter ei noko ufin nedsparking. Men litt temperatur skal det også vera, dog nokre ufine kommentarar frå gutar på begge lag etter den.
Siste ti minutta var det slutt på kreftene for Moster. Elias nikka(!!) oss i 5-4-leiing etter flott forarbeid av Abdi og sanneleg var mini også frampå og sette inn 6-4 rett etter. Då måtte vi byte han ut før han tok fyr. Og eit verdig punktum på tampen då vår faste keeper Martin (utespelar i kamp 2) kom inn på bakre og sette inn Noah sin presise corner. Underteikna kan ikkje hugse at Martin har scora før, herleg!
Dermed 7-4 til slutt i ein forrykande spanande kamp.

Kampfakta frå Kvednabekkjen

Trio3-Moster 5-1 (4-0)
1-0 (3 minutt) Elias
2-0 (4 minutt) Elias
3-0 (7 minutt) Abdisalan
4-0 (15 minutt) Elias
4-1 (33 minutt)

5-1 (56 minutt) William

Trio: Martin, Mathias, Andre, Håkon, Michael, Abdisalan, Mohammed, Gunnar, Elias, William.

Trio2-Moster 7-4 (2-4)
1-0 (3 minutt) Elias
1-1 (8 minutt)
1-2 (10 minutt)
2-2 (11 minutt) Elias
2-3 (20 minutt)
2-4 (26 minutt)
3-4 (32 minutt) Elias
4-4 (50 minutt) Elias
5-4 (53 minutt) Elias
6-4 (55 minutt) Elias

7-4 (60 minutt) Martin

Trio: Michael, Edvard, Noah, William, Vegar, Jonas, Brage, Andri, Elias, Martin, Abdi.

– Are Ulseth