G13 gjorde unna to bortekampar på ein tur på søndag. Det endte med siger og tap, samt høgdepunktet: ein tur på Macdonalds i mellom.

15 gutar på tur, vi lånte med to valegutar som erstatning for dei to som ikkje kunne. Først gjekk turen til Bremnes, der vi fekk ein jamn og tett kamp. Bremnes med best start og vi kom sterkare etter kvart. Men 1-0 midtvegs var greitt nok.

Vi tok over etter pause. Mohammed utlikna med venstra(!), sjølv om det ikkje nett var ein susar. Så fekk vi indirekte frispark då keeper tok opp eit tilbakespel. Tristan banka inn 1-2. Og rett etter la Mathias på til 1-3, kald åleine med keeper etter spelvending av Tristan. Kort etter der 1-4 etter fin lobb av Mohammed. I denne perioden gjekk det unna, før kampen igjen jamna seg ut. Tristan la på til 1-5, frispelt av Noah.

Mykje kjekt spel utover i kampen.

Så Macdonaldsbesøk, før turen gjekk vidare til Sagvågen. Der gjorde vi ein svak førsteomgang, og Solid leia 3-0 midtvegs. Noah med ein ball i nota, men avblåst for hårfin offside. Vi heva oss etter kvilen og Elias, Brage og Mohammed hadde alle gode sjansar. Solid la på til 4-0, før Elias var åleine gjennom to gonger utan å lukkast. Men til slutt fekk han redusering, då han scora på ein dobbeltsjanse. Noah sendte fri Michael, som sette inn ny redusering, men sluttspurten kom før seint. Fortent 4-2-siger til Solid.

Neste helg er det Bø Sommarland cup!

Bremnes3-Trio3 1-5 (1-0)… Solid-Trio2 4-2 (3-0)

1-0 (26)……………………………1-0 (22)
1-1 (45) Mohammed…………….. 2-0 (27)
1-2 (50) Tristan…………………. 3-0 (31)
1-3 (52) Mathias………………… 4-0 (55)
1-4 (54) Mohammed……………. 4-1 (62) Elias
1-5 (60) Tristan…………………. 4-2 (68) Michael

Desse var med:

Martin Fjeldstad Smith, Noah Smith, Andre Nordøy, William Heggøy, Håkon Georg Røssland, Brage Kvandal, Michael Løland, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Gunnar Eikemo Steine, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Andri Sigthorsson, Tristan Thorsen.

 

-Are Ulseth