Gutane i aksjon på Rubbestadneset

G13: Rubbestadneset-Trio2 7-2. Smågutane var tilbake til synder frå vårsesongen, med ein særs slapp og giddalaus bortekamp mot Rubben. Slikt blir det ikkje poeng av.

Første halvdel av førsteomgangen var bra. Då var vi godt på hugget og det såg ut som vi greitt skulle kunne vinne kampen. Mohammed gav oss ei tidleg leiing, då Brage drog seg elegant forbi stopparen med ein lekker førstetouch og slo skrått tilbake i feltet. Men ikkje lenge etter gløymde vi dekking på bakerste stolpe på eit innlegg og vi var like langt.

Likevel hadde vi taket på kampen og Brage fekk to gode moglegheiter etter at Mohammed og Abdi kvar sin gong kom til daudlinja og la tilbake. Michael var også nære med ein susar frå langt hald, men i staden gjekk Rubben i føring på ei fin kontring. Vi utlikna etter eit raid frå Mohammed kort etter, men teikna var for lengst komne på at vi ikkje var klare for å brette opp ermene og vise skikkeleg innsats i dag. Vi vart stadig slappare og det var typisk at Rubben kontra inn leiarmålet med siste spark før pause.

Det skulle vera råd å rette på dette med ein god peptalk i pausen, men andreomgangen vart berre uff, uff, uff. Dette var for daft karar. Rubben kontrollerte inn ein velfortent siger og var mykje meir på hugget. Vi får ta oss kraftig i nakken til torsdag, når Solid kjem på besøk til Husnes. Kampane mot Solid brukar å bli ein orgie av duellar meir enn fint spel, så då er sjansen til å vise oss frå ei anna side. Her vinn det laget som vil mest.

Kampfakta frå Rubbestadnesetkunstgras
G13: Rubbestadneset-Trio2 7-2 (3-2)
0-1 (4 minutt) Mohammed Aljajan
1-1 (7 minutt)
2-1 (23 minutt)
2-2 (27 minutt) Mohammed Aljajan
3-2 (35 minutt)
4-2 (38 minutt)
5-2 (53 minutt)
6-2 (58 minutt)
7-2 (59 minutt)

Trio2 sitt lag:

Martin Fjeldstad Smith, Jonas Hjelmeland Naterstad, Andre Nordøy, Michael Løland, Vegar Seljelid Joleik, Abdisalan Zekeriye, Mohammed Aljajan, Gunnar Eikemo Steine, Brage Kvandal, Noah Smith, Edvard Andre Nessestrand Ingvaldsen, Mathias Veastad, William Heggøy.

– Are Ulseth