DET GAMLE LAGET OG «DEI UNGE DØDE»
Tekst av Ove Arne Olderkjær
Dette bildet frå 1979 er både godt og vondt å sjå på for mange av oss i Trio-familien. Godt fordi me hadde lagt bak oss ein fin sesong i serien toppa med kvalifiseringskampar for opprykk til 3.divisjon. Litt vondt fordi me tapte begge opprykkskampane. Men mest vondt fordi så mange av lagkameratane skulle døy så altfor tidleg.
Dei fem innringa på bildet er Trio-laget sine «Unge døde». Flotte typar og gode fotballspelarar (Atle nådde til og med opp på juniorlandslaget i 1972 og -73). Men dei gjekk bort i altfor ung alder. Først Alfred Olderkjær i 1992, berre 32 år gammal. Så Odd Erik Løseth i 2006, 52 år. Deretter Kjell Tungesvik i 2009, 56 år, så Roy Thomsen og Atle Amundsen i 2011, høvesvis 53 og 55 år gamle.
1979 var ein fantastisk kjekk fotballsesong, med berre to tap på i alt 18 seriekampar, ein heidundrande 4-4-kamp i Odda og altså 3.divisjonsdøra på gløtt. Men først og fremst hugsar eg det gode samhaldet og miljøet som prega heile gjengen, som omfatta trenarane Helge Dahle og Egil Holthe, støtteapparatet (Reidar Thomsen, Jan Ove Håvik, Kåre Olsen), fotballstyret, spelarstallen og trufaste følgjarar med Rikard Pedersen i spissen. Fleire av dei sistnemnde er óg borte no. Reidar døydde i 2007, Kåre i 2015, Helge i 2022 og Rikard´n i 2013.
Fotballsesongen for 45 år sidan blei spesiell for Trio på fleire måtar. For på tribunen på Husnes idrettspark søndag 7.oktober 1979 sat fotballformann Sven Tuastad saman med den tidlegare Viking-helten Svein Hammerø og såg Trio tapa 0-2 for Mosterøy i den første opprykkskampen. Hammerø blei ikkje meir skremt enn at han takka ja til å bli Trio sin neste trenar – på heiltid. Ei signering som vekte oppsikt i vide krinsar. Men heller ikkje Hammerø sine to sesongar som trenar for A-laget var nok til å sikra rykk oppover i divisjonane. Sven Tuastad oppsummerte i Kontakt-bladet for 1981 at Hammerø-perioden var «ei fantastisk og spanande og lærerik tid med ein del sportslege og sosiale thrillarar som vi vil hugsa lenge».