For første gong på 12 år (2007-sesongen) har Trio fotball hatt damelag! Erna Mikkelsen og Kristine Enæs Medhaug var primus motor med oppstart av treningar hausten 2018 og Ragnvald Vaage har vore trenar gjennom heile 2019-sesongen. I tillegg har Are Ulseth vore med frå april, og Kjell Inge Hansen kom inn og styrka trenarteamet frå juni. Utanom dette har også Jan Olav Madsgård og Arnt Mikkelsen bidrege innimellom på trenarsida.

Det har vore to faste treningar i veka og i einskilde periodar ei ekstra trening. Totalt antal treningar har vi diverre ikkje oversyn over, men Aria Haugsdal er den med best treningsframmøte. Mange spelarar har vore aktive. Særleg på vårparten var spelarstallen veldig stor og frammøte på trening var ofte godt over 20 spelarar. Til første heimekampen var heile 22 spelarar med på lagbiletet (og enda mangla 2-3 stk). Til tider har det vore ei utfordring at ikkje alle har fått nok speletid.
På haustparten besto spelarstallen av 18 spelarar, derav 2 som studerer vekke.

Som alltid er det ein del som flyttar vekk på skule før haustsesongen, så antal spelarar på trening i haustsesongen har vore betydeleg mindre enn i vår. 16-årsjentene, der dei fleste hadde relativt lite fotballerfaring på baken frå før, fekk sitt tilbod på damelaget denne sesongen, etter klubben si avgjerd. Det har vore ein tøff overgang for fleire av desse, og det har vore betydeleg fråfall blant 16-åringane gjennom sesongen. Men ei av dei, Emma Heggøy, er den spelaren med flest kampar (17).

I haustsesongen har det også vore tyngre å få med nok spelarar til bortekampar. Men likevel har ein forutan ved eitt høve der ein reiste med 12 spelarar, alltid vore minst 14. Sjølv om ein har mangla ein del sentrale spelarar til bortekampar, har prestasjonane vore gode i dei fleste kampane.

Totalt hamna vi midt på tabellen med 26 poeng på 20 kampar. 9 poeng på vårparten og 17 på hausten viser ok framgang, og sesongen vart avslutta med ein sterk bortesiger mot serievinnar Stord, som til då var ubesigra. Vi har 7 sigrar og 5 uavgjorte, og vi har vore blant laga som har sluppe inn færrast mål i serien. Det vitnar om at vi er relativt solide defensivt, medan 22 scora mål viser at vi har hatt meir å gå på i angrepsspelet. Aria Haugsdal vart toppscorar med 9 mål, neste på lista hadde berre 3 scoringar. Det seier sitt. Vi har jobba med å utvikle angrepsspel og bli meir samspelt gjennom sesongen, men generelt har saknet etter ein bakromsspiss vore merkbart.

Totalt har ein brukt 37 spelarar i kamp. 7 av desse har vore frå J15, og 8 andre har vore innom i 1-2 kampar. Vonleg vil det vera råd å etablere eit permanent damelag i åra som kjem. Med jentelag på alle årstrinna i ungdomsfotballen, er etterveksten god.

Toppscorar:
9 mål Aria Haugsdal
3 mål Kristine Enæs Medhaug
2 mål Christine Solheim Fjelland
2 mål Ida Lygre
2 mål Sofia Televik
1 mål Emma Heggøy
1 mål Christine Madsgård
1 mål Mariel Madsgård
1 mål Julie Soma Ersland
Totalt 22 mål på 19 kampar.

Kampoversikt:
17 kampar: Emma Heggøy, Aria Haugsdal
16 kampar: Mia Høydal, Sofia Televik, Selma Kvalheim
15 kampar: Kristine Enæs Medhaug, Rebekka Røen
14 kampar: Christine Musland Madsgård, Erna Mikkelsen
13 kampar: Siren Njøs, Christine Solheim Fjelland, Malin Saug, Cecilie Håvik
12 kampar: Elisabeth Hansen Eide
11 kampar: Mariel Musland Madsgård
9 kampar: Beate Vimme
8 kampar: Helene Vågen Eikenes
7 kampar: Madel Grønstøl Gausvik, Ida Lygre
5 kampar: Nadine Morstad, Ida Eikeland Stensletten, Luwam Kahsay, Julie Soma Ersland
4 kampar: Vilde Eide Rusten
3 kampar: Synna Gjerding
2 kampar: Katrine Yri Røssland, Madel Holmedal Gjerding, Thea Vaage, Tuva Løyning
1 kamp: Sunniva Solfjell, Sara Netteland Landa, Emilie Kaldestad Ersland, Vilde Teigen, Malene Heimvik, Ariana Quam, Linnea Eide Rusten, Ingeborg Stensletten Hagan

Tekst: Are Ulseth. Alle foto: Carina Wangensten

Sofia Televik vart matchvinnar mot Stord.