G13: Rosendal-Trio3 4-0. Vi er litt for daffe om dagen og heller ikkje eit lokaloppgjer mot erkerivalen var nok til å få tilstrekkjeleg tenning. Greit å meine at det å klå Rosendal er det viktigaste som fotballag, men vi er ikkje karar om å få det ut i innstilling og arbeidsinnsats.

I tillegg var vi særs upresise med ball i dag og då bli det vanskeleg å vinne kampar. Det blir for mykje tåspark, utside, chipping og for lite sjel i ei sjeldan innsidepasning. Dette kan vi betre om vi berre vil.

Rosendal fekk to mål i kvar omgang og var eit hakk betre, men kanskje ikkje så mykje som sluttresultatet viser. Vi hadde også ein del sjansar, men heller ikkje framom mål var vi nøyaktige nok. Abdisalan hadde eit tidleg stolpetreff og finaste angrepet før pause kom då Noah presist fann Vegar på kant, og Brage hadde berre litt for få hårtustar på ballen då innlegget kom. Også etter pause hadde vi ei lita handfull feite tilbod. Nærast var Brage, som dundra ballen over frå 5 meter etter at Elias la skrått ut, og Mohammed med eit skot utanfor etter fin vegg med Abdisalan.

Men totalt sett ein fortent siger til Rosendal, som ville litt meir. Vonleg vil vi også litt meir når topplaget Odda kjem på besøk 16.mai. Og det medan underteikna sit på Brann stadion og ergrar seg over innsatsen til eit anna heimelag :)

Kampfakta frå Rosendal kunstgras

G13: Rosendal-Trio3 4-0 (2-0)

1-0 (4 minutt)
2-0 (22 minutt)
3-0 (38 minutt)
4-0 (41 minutt)

Trio sitt lag:

Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Andre Nordøy, Jonas Hjelmeland Naterstad, Vegar Seljelid Joleik, Noah Smith, Abdisalan Zekeriye, Brage Kvandal, Mohammed Aljajan, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Håkon Georg Røssland.

 

– Are Ulseth