Vi i IL-Trio er svært glade for at Byggservice AS no går inn i eit større samarbeid med klubben!

Byggservice har allereie vore ein støttespelar for volleyballgruppa vår, og tek no steget vidare med eit samarbeid som omfattar heile IL-Trio.

Dei neste fem åra vil Byggservice bli godt synlege i klubben, med logo på alle shortsar, i tillegg til profilering på vindjakker, regnjakker og coachjakker.

Vi set stor pris på engasjementet og den positive innstillinga Byggservice viser til arbeidet vi gjer for barn og unge i Kvinnherad.


”For oss i Byggservice handlar samarbeidet med Trio om mykje meir enn å få logoen vår på ei drakt eller eit skilt. Vi ser kor mykje klubben betyr for ungane, foreldra og lokalmiljøet – både som møteplass og som ein stad der ein får oppleve meistring og tilhøyrsle. Vi ønskjer å gi noko tilbake til lokalsamfunnet vi sjølve er ein del av.

Samtidig er Trio med på å gjere området meir attraktivt for familiar som ønskjer å bu og etablere seg her. Når folk trivst og ønskjer å bli verande, blir det også lettare for lokale bedrifter som oss å få tak i og halde på flinke folk. Klarer bidraget vårt å hjelpe Trio med å skape gode opplevingar for endå fleire, er det vel anvende pengar for oss.”

Dagleg leiar Byggservice AS


Byggservice AS er lokalisert på idylliske Sandvoll