Bronsemedalje til Trio J15 i Sør Cup!
Sør Cup 2019, Bronsefinale J15, Trio – Asker Sort 1-1 (0-1), 4-2 på straffer.
Vi var spente på kor mykje semifinale hadde kosta både fysisk og mentalt før kampen om bronsen. Dette viste seg å vera heilt uberettiga, jentene var ‘oppe igjen’ etter ein litt ‘under pari’ kamp dagen før og var overlegne i bronsefinalen. I målprotokollen var det likevel likt etter 2×25 pluss 2×5 min og det heile måtte avgjerast på straffespark. Her var vi heldigvis skarpe og vann relativt klart 4-2. Dermed flott pokal og fortente bronsemedaljar etter ein meget bra gjennomført cup av laget.
Jentene trødde til frå start og vår trear sentralt på midten var tydeleg motiverte for revansj etter å ha tapt den duellen dagen før. Det aller meste skjer på Asker sin halvdel og Malene i buret vårt er knapt borti ballen. Vi produserer sjanser og får også eit korrekt idømt straffespark då Ida blir hekta i farlig posisjon i boksen. Julie har vore sikker frå 11-meteren i år, men denne gongen reddar keeper og fortsatt mållaust. Like før pause får Asker et frispark frå rundt 30 meter. Dette løftar dei i perfekt høgde og det går inn like under tverrliggar. Usedvanlig ufortent ledelse til Asker etter spel og sjansar i første omgang.
Enkel jobb i pausen med å fyra jentene ytterlegare opp, for dette følte dei var urettferdig og no skulle dei ut og scora mål!
Målet kjem tidleg i omgangen då keeper gjer ein noko unødig retur. Men Julie er på rett plass og når ballen plutselig er tilgjengeleg får ho ein fot på den og den trillar inn i det tomme buret. Endelig! Vi kjører bare på og Asker får knapt låna ballen resten av ordinær tid. Største sjansen får Cecilie, men skuddet frå kort og skrått hald går like utanfor. Dermed ekstraomganger og Golden Goal. vi er best også her, men noko jevnare og ikkje dei store sjansane.
I straffespark konkurransen gjer vi ein flott jobb. Julie sett den første. Malene er svært gira og fokusert før straffekonken, noko ho likar veldig godt. Ho reddar den første relativt lett. Kaptein Ingeborg sender likegodt vår andre rett i krysset til 2-0. Malene får ei hand også på Asker’s andre, men den er for hard og 1-2. Synna kopierer Ingeborg, utagbart oppe til høgre for keeper, 3-1 til oss. Asker skyter så utanfor, men det gjer vi også på vår fjerde. Malene er også på den neste, men den smyg seg inn til 2-3. Ida tar vår siste og velger samme hjørne som Ingeborg og Synna til 4-2 og fortent seier til jentene i rødt. Kjekt når noko så bingo som straffar blir vunne av det klart beste laget i kampen:-).
Verdt å merka seg er at storfavoritt Bønes snubla i finalen mot Hei IL som slo oss ut i ein jevn kamp i går. Sigeren i klassen gjekk dermed til Telemark og ikkje til Bergen. Viser igjen at det ikkje var langt opp til øverste trinn på pallen for våre jenter. Stord sine 13-års jenter vann forøvrig sin klasse etter 2-1 siger i finalen onsdag morgen.
5 flotte dagar på Sørlandet er over. Flott innsats og resultat på banen, eksemplarisk adferd også på fritida. Kjekt å vera på tur i lag då:-). Utanom egne kampar har det blitt tid til blant anna heiing på gutane (G15) som spelte på samme banane på Lund, Byfest på Torget i Kristiansand, cup-diskotek (10min?), shopping ettermiddag på Sørlandssenteret og 3-4 timar i AquaRama badeland. Kanskje det viktigaste av alt når ein deltek på cup:-)