G13: Trio2-Rubbestadneset 6-4. Vi tapte 2-6 for eit velspelande Rubb-lag i vår, mest av di at vi ikkje heilt hadde knekt innsatskoden. For om vi bretta opp ermane, tok duellane og sprang det vi orka og litt til, så skulle vi vera på høgde med bømlingane. Som sagt, så gjort i dag. Utteljinga kom i hovudsak av at vi vann første- og andreballane.

Sist gong sleit vi litt med Rubben sin gode bakromsspiss, og det tok under to minutt før han presenterte seg. 0-1. Men vi svara på direkten. Elias jaga eit tilbakespel og tok duellen mot ein stressa keeper. Returen kom Mohammed først på og vi var a jour.

Og dermed var standarden sett. Vi vann flest duellar i første omgang. Elias var nær scoring då han drog seg fri med ein snasen piruett, men keeper berga med ei flott redning. Piruetten var av eit så elegant slag at vi mistenkjer at Elias eigentleg går på dans, ikkje på felespel, når han er på kulturskule i staden for fotballtrening :)

Og han hadde meir på lager. Kvarteret ut i kampen drog minien frå Røsslandslia seg på ny fri og kom åleine mot keeper. Også denne gongen redning, men Mohammed nok ein gong først på returen. Vi var i føring. Og ti minutt seinare fann Mathias Abdi med ei herleg pasning, som vart flikka vidare til Elias framom mål. Ny redning, men denne gongen kjempa han sjølv returen i nota.

Og no gjekk det unna. Michael var kome inn på venstrekant og då han endeleg fann ut han skulle bruke farten sin, vart backen parkert. Skotet var nok meint som eit innlegg, men keeperen var uheldig og ballen gjekk inn via stolpen. Minuttet etter leverte vi eit nytt herleg angrep, som vart avslutta med at Mohammed kom til dødlinja og slo hardt inn på mål. Elias på plass og 5-1 til pause. I overkant etter ein relativt jamn omgang i spel, men vi ville mest i viktige duellar.

Men vi kom fort ned på jorda. Rubb reduserte etter 8 sekund av andre omgang og tre minutt etter vart det ny redusering, denne gong frå straffemerket. Vi tok oss opp etter sjokkstarten og også andreomgangen vart jamnspelt. Martin med ei flott redning på eit frispark, men på eit gjennomløp ti minutt før slutt var han sjanselaus. 5-4 og spaninga var til å ta og føle på.

Men vi ville mest i dag. Gutane kjempa på og klarte å få eit visst press. Noah sitt flotte innlegg tok Brage ned og smelte ballen i stolpen. Returen? Jauda, dei var vi først på i dag og Vegar sette sikkert 6-4 i mål. Dermed ein kjekk siger der vi viser at vi har teke eit steg på det som mangla i vårsesongen: Vilje og innsats! Gutane har gått frå å vera søte barneskuleelevar til å bli robuste ungdomsskuleslampar i løpet av sommaren :)
Kampfakta frå Kvednabekkjen
G13: Trio2-Rubbestadneset 6-4 (5-1)
0-1 (2 minutt)
1-1 (3 minutt) Mohammed Aljajan
2-1 (14 minutt) Mohammed Aljajan
3-1 (25 minutt) Elias Ulbi
4-1 (29 minutt) Michael Løland
5-1 (30 minutt) Elias Ulbi
5-2 (35 minutt + 8 sekund)
5-3 (38 minutt)
5-4 (58 minutt)
6-4 (66 minutt) Vegar Seljelid Joleik

Dommar: Hallvar Saghaug

Trio sitt lag:
Martin Fjeldstad Smith, Abdisalan Zekeriye, André Nordøy, William Heggøy, Brage Kvandal, Noah Smith, Mohammed Aljajan, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Mathias Veastad, Michael Løland, Håkon Georg Røssland, Gunnar Eikemo Steine, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen.

– Are Ulseth