Endeling; Boklansering av boka Heia Trio!

Etter fem års arbeid er det ei stor glede for boknemda, med Ivar Vaage i spissen, å invitere til boklansering av boka Heia Trio.
Det vert lanseringsfest i Kulturhuset Husnes, kinosalen, onsdag 14. okt. kl 18.00.

Håvard Lunde, tidlegare Trio-spelar og Vålerenga FK- spelar, tek turen frå austlandet for å leia oss gjennom kveldens program. Ivar Vaage presenterer boka. Trio-entusiaster fortel om sine Trio-minner leia av Kristian Hus. Det vert kulturinnslag frå unge og litt eldre Trio-medlemmer. Stuntpoeten frå Kolaveien, sjølvaste Arne Torget les dikt m.m. Etter programmet i kinosalen vert det boksal i foajen. (Mat og drikke utgår grunna korona-omsyn.)

Velkomne skal de vera til ein kjekk kveld med Trio-vener. Arr. er gratis.

Grunna Covid19-smittevernreglar er det begrensa plassar, max 200.
Vi registrerer publikum, møt opp i god tid. I kinosalen skal det vera to seter mellom kvar kohort.

Heia Trio 1!

 

Heia Trio 2!