Kvinnheringen arrangerer Rosa-marsj til inntekt for Brystkreftforeningen. Dei får god hjelp frå Husnes Storsenter og ei sporty gruppe frå IL Trio. Laurdag 19. oktober vert ein folkefest på Husnes! Vita-Tone varmar oss opp i Nupen-parken frå kl 13.30, og klokka 14:00 går startskotet!

Det vert ei løype i Husnesområdet på ca 5 km. Løypa passar for alle! Den er tilrettelagt for rullestol, barnevogn mm. Du kan gå eller jogge.

Trio oppmodar flest mogleg til å stille opp på dette flotte arrangementet!
Les meir her.