Tysdag 2. juni inviterer IL-Trio, Haugesund Sparebank og Kvinnherad Næringsservice til ein inspirerande og uformell kveld på Husnes “for deg som brenn for eit sterkt lokalsamfunn

Denne kvelden får du blant anna:

👉 innsikt i korleis FK Haugesund bygde eitt av dei mest lojale sponsornettverka på Vestlandet

👉 konkrete refleksjonar om korleis relasjonar skaper meir verdi enn reklame

👉 historier om kvifor sterke idrettslag er ein undervurdert motor for næringsliv og lokalsamfunn

👉 møte andre som faktisk vil handle lokalt

På scena:

Martin Fauskanger, tidlegare dagleg leiar i FK Haugesund
– om «Best utan ball», leiaransvar, kommersiell kraft og kvifor lokalsamfunnet må spele på same lag

Lars Johan Myklebust, sportsleg leiar i SK Brann Kvinner
– om lokal identitet og krafta som oppstår når ein ser verdien av samspel mellom klubb og lokalmiljø.

I tillegg deler IL-Trio og Kvinnherad Næringsservice korleis samspel mellom idrett, næringsliv og bank faktisk kan styrke Kvinnherad

📅 Praktisk

🗓 Tysdag 2. juni kl. 19.00–21.00
📍 Kvinnherad Arena, 2. etg
🍕 Gratis pizza – Haugesund Sparebank spanderer


Det er ein kveld for deg som vil forstå:

  • korleis ein bygg sterke nettverk
  • korleis verdiar kan bli til faktisk verdiskaping
  • og kvifor levande lokalsamfunn også er god butikk

 Velkomen – ta med deg ein sambygding, eller fleire – ope for alle!

Påmeldingsskjema for arrangement – Fyll ut skjema