I helga reiste basketgruppa i IL-Trio til Ølen. Ølen IL arrangerte sin aller første basketcup. Heile 140 barn var samla til ei helg med basketball, aktivitet og mykje idrettsglede.

Dette var også ei historisk hending for basketgruppa i IL-Trio, som var med på cup for første gong. Turen gav mykje motivasjon vidare og vart ei kjekk og sosial oppleving for alle

Agnar Lauritsen, som er trenar og kontaktperson i basketgruppa, fortel følgjande om Ølen Cup:

– Spelarane våre var veldig fornøgde i etterkant. Det var både gode øvingar, sosialt og motiverande for vidare trening. Foreldra til spelarane såg også ut til å kose seg

Easy Basket-gruppa i IL-Trio har rundt 10–12 spelarar som er aktive kvar veke. Treningstidene er annakvar tysdag kl. 18:30–20:00 og kvar torsdag kl. 16:30–18:00.

Kjenner du nokon som likar å spele basketball? Ta kontakt med trenar Agnar Lauritzen på 979 77 654.

PS: Ønskjer du å vere ein del av noko som gir tilbake til barn og unge? Basketballgruppa i IL-Trio ønskjer fleire med i styre og verv for å skape ein best mogleg kvardag i gruppa. Ta gjerne kontakt om du er interessert 😊

Haugesund Sparebank er IL-Trio sin hovudsamarbeidspartner