J15, 1. div. Rogaland, Djerv 1919 – Trio 0-2 (0-1).

Cecilie er i form!

14 fokuserte og blide J15-jenter var torsdag på sin tredje bortekamp på rad i starten av haustsesongen. Dei fornekta seg ikkje i dag heller og reiste heim frå Djerv banen med 3 poeng og nok ein ‘clean sheet’ bakover etter imponerande forsvarsspel igjen.
Kampen opna noko uryddig med mykje duellar og ballen meir i lufta enn vi ønsker. Gradvis tar vi grep om kampen gjennom at vi klarer roe ned kula og sette i gang kombinasjonsspel. Første store sjanse er når Cecilie kjem seg fri og til dødlinja, men det gode og lave innlegget blei ikkje omgjort til nettsus. Deretter briljerer Ida og Synna med fleire vakre veggspel der dei broderer seg nesten heilt gjennom. Eit par skuddforsøk frå Astrid og i denne perioden, men treff ikkje fullt så godt som på trening. Men bra at vi prøver:-).
Målet kjem meir på ein tilfeldighet, då målvakta til heimelaget er litt uheldig på eit langskot (frispark) frå Linnea. Glepp ballen eit lite sekund og det er nok til at Ida er frampå og tuppar ballen i mål til fortent leiing 1-0 til oss som står seg til pause.
Skryt for godt og kontant forsvar og duellspel i pausen og oppfordring til endå meir vegg- og kombinasjonsspel. Cecilie som spiss frå start i andre for å søka fleire kombinasjonar og gjennomløp frå midtbanen sentralt.

Prikkfritt av Ingeborg.

Dette trekket viser seg å fungera godt. Cecilie storspelar som spiss, kjem seg til fleire sjansar sjølv før ho kombinerer Ida gjennom eit kvarter uti omgangen. Ida er i scoringsform i haust og sett 2-0 kontant i Djerv 1919 buret.
Imponerande laginnsats og spesielt godt forsvarsspel av Trio jentene. Djerv 1919 har 1,5 målsjansar på 80 minutt. Meget bra! Spesielt strålte Ingeborg, Synna og Ida med svært sterke prestasjonar. Masse ros også til hospitantane og dei yngste på turen; Jenny, Annie og Leah. Alle 14 spelte minst 25 minutt i dag og bidrog til 3 poeng og på ny tabelltopp:-)
God dommar var utflytta kvinnhering Oddgeir Søllesvik:-).
Neste utfordring då er Sveio heime på tysdag, kjekt med heimekamp etter gammalt!

Laget i dag:

Jenny, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, June Marie, Synna, Ida, Astrid, Malene, June, Annie og Leah.

Kristine, Stig og Per Einar