Seriemeister Stord var utan tap så langt i sesongen, og sto med 17 sigrar og 2 uavgjorte, og heile 64 plussmål på 19 kampar, før Trio avslutta sesongen med bortetur til Vikahaugane. Det var for gale å la stordabuane gå ubesigra gjennom sesongen, så Triodamene fornekta seg ikkje og fleska til med ein 0-1-siger, avgjort på eit langskot av Sofia Televik (biletet).

I dag viste laget at vi har hatt framgong gjennom sesongen og laget forflytta seg godt i alle ledd og det var meir heilskap i alt. Vi jobba som eit lag, spelte godt fotball og tetta imponerande godt att for eit Stordlag, som vart meir og meir frustrerte.

Sofia hamra inn eit knallskot frå utanfor 16-meteren etter halvtimen og då var stemninga betydeleg høgare i Trioleiren enn blant heimelaget. Erna var solid i mål og varta opp med fleire gode redningar på frispark. Stord kom meir inn i det i starten av andre omgang, men så klarte Triodamene igjen å få kontroll over kampen. Og sigeren vart kontrollert inn. Dermed sluttar vi midt på tabellen, på ein 7.plass.

Grådig kjekt, rapporterer vår legende Kristine Enæs Medhaug med nokre tårer i augekroken, når ho no legg fotballskorne på hylla etter imponerande 23 sesongar med seniorfotball for Kvinnheradsklubbane, dei fleste for Rosendal. Totalt er det blitt 275 seriekampar på Kristine, som i lag med Erna Mikkelsen var primus motor for å få i gang damelag i Trio igjen, etter 12 sesongar utan. Sesongen er fullført med bravur og trenar Kjell Inge Hansen og damene sørger nok for høg stemning på hurtigbåten heimatt :)

Kampfakta frå Vikahaugane kunstgras: 5.div damer Stord2-Trio 0-1 (0-1)
0-1 (31 minutt) Sofia Televik
Trio sitt lag: Erna Mikkelsen, Cecilie Håvik, Selma Kvalheim, Rebekka Røen, Elisabeth Hansen Eide, Sofia Televik, Christine Solheim Fjelland, Aria Haugsdal, Ida Lygre, Kristine Enæs Medhaug, Julie Ersland.
Innbyttarar: Mia Høydal, Malin Saug, Madel Grønstøl Gausvik, Christine Madsgård.