Gutelaget avslutta vårsesongen med kamp mot Rosendal og det skulle vera siste spark på den gamle matta på Kvednabekkjen. Brorparten av gutane er faktisk fødd det året matta vart lagt, i 2006. Men så fann vi ut at grunna førebuande arbeid på “kunsten” til skifte av dekket, så flytta vi kampen til grasbanen. Der var vi nokre hakk betre enn Rosendal i dag, og etterpå gjorde gutane ei dugnadsøkt med flytting av mål og rigging av gjerde rundt Kvednabekkjen – før vi avslutta med pizzaøkt utanfor Triohuset.

Kampen? Etter kommunikasjonssvikt i våre bakre rekker, scora Rosendal først, men vi var heldige og fekk det anullert for offside. Dermed tok vi i staden kraftig kommandoen, både i kampen og målprotokollen. Daniel spelte fri Tristan, som sette inn 1-0, rett nok med tåskot. Er det lov?!
Så gjorde Daniel det meste sjølv då han runda på venstrekant, skar inn og styrte 2-0 kontrollert i nota. Rett etter reduserte Rosendal etter ballvinning høgt i baken, men så var det Abdul sin tur på eit frispark frå 18 meter. Pang i nettet bak ein forfjamsa Rosendalskeeper.
Emil hadde også eit frispark i tverrliggjaren, før vår keeper Bendik byrja varte opp med målgjevande pasningar på løpande band. Først eit langt utspark som gjekk forbi dei fleste og sendte Tristan åleine mot mål. Litt for heit på grauten og gjekk for kraft – ein susar like over. Men så ein tru kopi av forrige utspark frå Bendik. Nok ein gong Tristan åleine gjennom, og denne gongen var han iskald og plasserte trygt i hjørnet. Det enkle er som regel det beste. Dermed leia vi heile 4-1 midtvegs.

I andre omgang starta Rosendal freidig og hadde eit par gode sjansar. Bendik måtte rykkje ut og redda då Rosendalspisseln kom åleine gjennom. Og på returen var Brage K på plass og blokkerte på målstreken. Vi var langt meir effektive, for frå den påfølgjande corneren til Rosendal, tok det berre 12 sekund til ballen låg i mål – på motsett side. Ei heseblesande kontring med oppspel til Vegar, som heldt på ballen til han slepte den i heilt rette sekundet. For der kom Daniel på eit stormløp og tåa ballen inn forbi keeper.

Og på tampen fekk vi sågar 6-1, då Mathias la inn til vår debutant Abel. Han fekk sine første 10 minutt i Triotrøye og var varm frå første sekund. Dermed ein solid siger til våre gutar.

Kampfakta frå Husns stadion: Trio G15/16-Rosendal 6-1 (4-1)
1-0 (8 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
2-0 (14 minutt) Daniel Morstad
2-1 (18 minutt)
3-1 (23 minutt) Abdulqadir Mohamed
4-1 (33 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
5-1 (51 minutt) Daniel Morstad
6-1 (75 minutt) Abel Muyelom
Dommar: Hallvar Saghaug
Trio sitt lag: Bendik Aarthun, Fredrik Saghaug Eikeland, André Nordøy, Brage Kvandal, Eirik Sørstrømmen, Daniel Morstad, Emil Haugan Solheim, Abdisalan Zekeriye, Vegar Seljelid Joleik, Abdulqadir Mohamed, Tristan Thorkildsen Thorsen, William Heggøy, Noah Smith, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Jonas Hjelmeland Naterstad, Mathias Veastad, Abel Muyelom.

– Are Ulseth