Søskenbarna Ida Lygre (til venstre) og Malin Lygre frå Halsnøy har vore gode tilvekstar til Trio J15 i 2019.

J15 har lagt bak seg nok ein kjekk sesong. Vi har vore ei lita, men stabil og treningsvillig gruppe. Vi mista 2 etter fjoråret, men var heldige og fekk inn 2 jenter frå Halsnøy i Malin og Ida Lygre.  Med god hjelp frå J14 har vi ikkje hatt problem med å stilla lag gjennom sesongen. Vi starta opp like etter nyttår ved skulestart og har hatt 2 treningar i veka på Kvednabekkjen. Ved utgangen av oktober har vi avholdt 58 treningar, med snitt oppmøte på 78% på dei 12 som har trent gjennom sesongen (langtidsskade på Emma Meling i kamp mot Nord i vår). Vi trenar fortsatt etter jentene’s eget ønske og held på til 9. desember.

Med god treningsiver og fokus på å ha det sosialt og kjekt i lag, kjem det fort også resultat. Laget har i så måte hatt ein fantastisk bra sesong med siger i Bergen Fotballfestival i januar, 4. plass i 1. div Rogaland (av 11 lag) i vår, bronsemedalje i Sør Cup og seriemeister 1. div Rogaland (av 7 lag) i haust. Makan til jenter! Utrulig gjevande å følga opp ei slik gruppe som funkar så godt sosialt og som ønsker bli bedre å spela fotball i lag. Unge Stig Rusten måtte til og med fella ei tåra på sidelinja då seriegullet var i boks ein kald 3. november kveld på “Bekkjen”. Vi feira litt på Pizzabakeren etter siste kamp og skal ha ei skikkelig sesongavslutning og feiring på Triohuset i desember.

Planen for 2020 er Bergen Fotballfestival første helga i februar og årets høgdepunkt Norway Cup i slutten av juli. Satsar på nok eit år med seriespel i Rogaland som er det desidert enklaste praktisk. Vi håpar og trur vi har alle med oss vidare:-).

Desse har vore med i treningsgruppa til J15: Malene Heimvik, Ariana Quam, Astrid Borgen, Julie Soma Ersland, Linnea Eide Rusten, Emma S. Meling, Ida Lygre, Malin Lygre, Synna H. Gjerding, Cecilie E. Medhaug, June S. Hammer, Ingeborg S. Hagan, June Marie S. Bjelland. I tillegg har følgande frå J14 gjort ein flott jobb for J15 i år: Annie Kloster, Jenny Eide, Sophie Mehri og Leah R. Mo.

Støtteapparat har vore:

Per Einar Gjerding (hovudtrenar/lagleiar), Stig Eide Rusten (trenar), Kristine Enæs Medhaug (trenar). I tillegg har Øystein Ersland bidrege for laget ein god del.