J14 har vore eit samarbeidslag med Halsnøy. Laget har bestått av 7 jenter frå Halsnøy og 11 jenter frå Trio. Treningane i januar og februar var veldig bra, men vi hadde kun 1 felles trening i veka. Men etterkvart sank oppmøte, innsatsen og kvaliteten. Dette snakka vi om etter vår sesongen og i haust har me hatt 2 treninger på Husnes med bra oppmøte. Det er bra nivå på desse jentene men vi føler ikkje vi har levert det vi kan verken i trening eller kamp. Sidan vi ville delta i Rogaland for å sleppe lange reisene til Bergen måtte vi melde oss på i 1 div. VI hadde tru på å at vi skulle kunne hevda oss. Men det vart tøft mot dei beste jentene i Nord Rogland. Spesielt sidan vi ikkje har fått den utviklinga vi hadde trudd og håpa på. Me har fått kjent på nivået og fått føla at det er eit tøft nivå men det er heller ikkje umulig for oss å hevde oss.  Dersom jentene har litt større fokus i trening og kamp. VI må og stå betre sammen som lag. Me har deltatt på Zinken cup i Odda og Fjordline Cup i Porsgrunn.                                                                                                                                                                                 Desse har vore med: Wiktoria Kondraka, Ellinor Isaac, Jenny Eide, Leah R Mo, Malak Dasho, Weronika Kondraka, Ellen Marie Vigrestad, Sophie Mehri, Sofie Amalie Øvstebø, Annie Kloster, Heda Eldi, Mathilde Boman, Maria Karin Eide, Anna Fet Ullebust, Serine Bondhus, Linnea Eide, Andrine Johnsen, Emma Størksen,                                                                                                                                                              Trenarar: Karen Kloster og Kjell M Eide