Torsdag vart årsmøte i idrettslaget avhalde på Triohuset. 16 møtedeltakarar fekk sjå at Sparebanken Vest sin pris for idrettsleg innsats vart delt ut til Ådne Stuland Olsen, medan årets pris for administrativ innsats gjekk til Geir Sverre Andreassen.

15-åringe Ådne, som blir trent av sin far Raymond Bård Olsen, har sett solide personlege rekordar i alle kastøvingane sine i 2019: 13,95 meter i kule, 43,62 meter i diskos og 44,70 meter i slegge. Det er sterke prestasjonar, og han er med det rangert som nr 1 i Hordaland i kule, og nr 2 i både slegge og diskos, i sin årsklasse. 13,95 i kule er ein imponerande prestasjon, men årets høgdepunkt må likevel vera sigeren i diskos i Framolekene, då han sette ny Kvinnherads-rekord med 43,62.

Geir Sverre takkar for seg som leiar i svømmegruppa, men vil halde fram i styret. Han har vore med i svømmegruppa i over 20 år og i styret i 15 av desse. Dei siste 4-5 åra har han vore leiar i gruppa. Han har bidrege sterkt både administrativt og i trenarrolla i ei årrekkje og er ein verdig vinnar av prisen.

Biletet: Leiar i idrettslaget, Knut Prestnes, til venstre, i lag med prisvinnarane Ådne Stuland Olsen og Geir Sverre Andreassen.