2020 har vore eit svært spesielt år på mange måtar, men heldigvis har det vore eit flott lyspunkt fotballmessig.
Me gjekk inn i 2020 med 13 spelarar på blokka, noko som er i minste laget, men me ville allikevel prøve å få det til etter beste evne.
Dessverre så kom det ein hersens pandemi og øydela mykje, gruppa vart redusert til 11 rundt same tida og treningane uteblei.
Då me starta opp att treningane i mai-juni, så var det ein svært ivrig gjeng som møtte til dyst. Gode treningar, med god innsats og mykje vilje til å verte betre. Det skulle òg vise seg å bli ein stor fordel då me endeleg fekk starte på sesongen i august. Grunna sjukdom blant to av våre gutar i haust, så har me vore svært avhengig av hjelp for å få dette til å gå rundt. Me har i hovudsak lånt spelarar frå Trio/Ternen G13, noko som har gitt desse spelarane ei god erfaring. Dei stundene det krasja med kampar, så fekk me god hjelp av G14-2 og Trio G13.
Totalt vart det 8 kampar i løpet av hausten, noko som resulterte i 7 flotte sigrar, før me gjekk på eit kjedeleg 0-2 tap i seriefinalen mot Odda i siste kamp.
Men alt i alt har dette vore ein svært kjekk og spanande sesong, der me har spelt mykje kjekk og god fotball. Veldig kjekt for oss trenarar å sjå at gutane no byrjar å sjå at det me gjer på trening òg viser seg att i kamp, i tillegg til at gutane sjølve har meir fokus på eigen framgong og utvikling.
Me ser fram til ein ny sesong med nye giv og nye moglegheitar, og forhåpentlegvis er dei aller fleste spelarane med vidare.

-Trond Thorsen og Geir Atle Vangsnes