Friidrettsgruppa har hatt eit år med god aktivitet og gode prestasjonar. Vi er ei lita gruppe, og prøver å bygge oss gradvis opp. Friidrettsgruppa brukar Trio si nettside aktivt rundt våre arrangement og har over 30 nyhetssaker gjennom året. Vi har i tillegg ei eiga Facebookside for Friidrettsgruppa, men syt også for å alltid bruke Trio si felles Facebookside til å nå ut med informasjonen vår. Det er viktig for å nå ut til flest mogleg.

Styrearbeid
Det har vore 4 styremøter gjennom året, i hovudsak tilknytta arrangementsførebuing. I tillegg nokre fellesmøter med Lions om Løveleikene. I styret har vore Are Ulseth (leiar), Årstein Eik, Raymond Bård Olsen, Trude Sundsteigen, Dagfinn Jensen, Ingunn Sæverud Jensen og Arne Ingar Myhre. Det er trong for å styrke styret noko for å etablere meir aktivitet i året som kjem.

Treningar
Det har vore treningar for dei minste (6-10 år) gjennom heile året. Trenar Ingunn Sæverud Jensen har hatt treningar på onsdagar i utesesongen, og vinterstid på måndagar i gymsalen på Sunde. Det er trong for å få fleire med på trenarsida i denne gruppa. Hallkapasitet er også noko vi skulle hatt meir av.
I tillegg har vi frå i haust fått til eit opplegg for ei gruppe av 10-12-åringar. Her ha fleire bidrege med treningar på rundgang, og om lag 8 utøvarar har delteke jamnleg.
Eit fast og godt treningsopplegg for ungdom, i hovudsak kastøvingar, vart etablert i fjor og er vidareført i år. Først og fremst er Raymond Olsen trenar for sonen sin Ådne, men også 2-3 utøvarar frå Uskedal og Rosendal er med i treningsgruppa. Desse driv veldig aktivt året rundt, med minst 4-5 treningar i veka.
Med utspring i triathlongjengen er det løpstreningar søndagar og onsdagar. Vår veldig aktive Triathlongruppe er inkluderande og flinke til å, via si Facebookside, dagleg og vekentleg annonsere ulike treningsøkter.
Friidrettsmerke er det stadig mindre interesse for, særleg blant dei yngre. Det har ikkje vore råd å få til noko særleg opplegg rundt dette og berre eit par godt vaksne utøvarar har teke merket.

Arrangement
Som vanleg har vi avheldt dei faste arrangementa våre, og vi har i tillegg hatt ein del lokale friidrettsstemner. Vi ser at nøkkelen til suksess er god planlegging og promotering. I stemna ser vi at Trio er godt representert, men det er tyngre å få deltaking frå naboklubbane. Frå i fjor fekk vi til å arrangere seriestemner gjennom sesongen. Totalt har vi hatt 9 slike stemner gjennom året, mot 6 i fjor.
I tillegg arrangerte vi Kvinnheradmeisterskap i friidrett i oktober 35 deltakarar er bra, men berre 3 var frå andre klubbar enn Trio.

Særleg har Triostafetten fått ein oppsving i år og i fjor. Med 48 deltakande lag og over 190 løparar i sving har 1.mai blitt reinaste festdagen i Husnes idrettspark.

Løveleikene for funksjonshemma er ein herleg dag med uforlikneleg idrettsglede, arrangert for tredje gong og med over 40 blide deltakarar. Større enn nokon gong, men framleis plass til mange fleire. Her er link til reportasje. http://arkiv.il-trio.no/no/nyheter/5397/

Sportslege prestasjonar
Av dei beste sportslege prestasjonane i år kan nemnast:
– Ådne Olsen (14) sine prestasjonar i kastøvingar. Særleg kjekt at han passerte 13-metersgrensa i kule på seriestemne, samt siger i Framoleikene med ny Kvinnherad-rekord i diskos (43,62 meter).
– Holmfridur Adalsteinsdottir islandsk meister med råsterke 3.04 i Reykjavik Marathon.
– NM-bronse til Gunnar Vaage i halvmarathon i Sandnes i mai.
– Sterke prestasjonar også av Terje Nes, Trude Sundsteigen, Hildegunn Håland og Gunnar Vaage i Stavanger marathon og Karmøy marathon. Terje og Trude har også, i likskap med Gunnar Holm, delteke på halvdistanse Iron man i Triathlon i året som gjekk.
– Og vi må ta med at Heine Røssland frå Gneist (med foreldre frå Trio) tok sølv i spyd og bronse på 400 meter under Special Olympics i Dubai i vår.

Utstyr
Gjennom diverse sponsorstøtte har vi kunna kjøpe inn ein del utstyr gjennom sesongen. Elles har vi eit nytt og flott stadionanlegg som er mykje brukt, også til uorganisert trening. Og når no ny garasje ved Triohuset står ferdig, har vi betre lagringsplass, mellom anna for høgde- og stav-mattene.

Bruk av anlegget
Skulane har vore flinke å bruke det flotte friidrettsanlegget vårt, både til treningar/gymtimar og til ulike arrangement. Anlegget er elles mykje brukt til ymse uorganisert trening. Ikkje minst er Trioløypa, turløypa rundt idrettsparken, veldig populær og blir nytta av fleire titals menneskjer kvar dag.

Økonomi/støtte
Dette året har vi fått mange verdifulle økonomiske tilskot. Her må særleg nemnast støtte frå Kvinnherad Energi både til utstyr og til å arrangere Løveleikene (i lag med Lions). Tysnes Sparebank har vore hovudsponsor for Triostafetten og inngår no ein årleg sponsoravtale med oss. Vi har også motteke støtte i form av stadionreklame. Både store og mindre tilskot er vi hjartans takksame for.

Elles er det eit par år sidan friidrettsgruppa fekk eigen økonomi og ikkje lenger berre høyrer under hovudlaget sitt rekneskap. På denne tida har vi også vist at vi klarar å drive utan årlege driftstilskot frå hovudlaget.

Planar
Øvst blant måla for 2020 står:
– Lokalt dommarkurs og trenarkurs.
– Auke i treningstilbodet.
– Få bygd ei bu som kan huse det elektroniske tidtakarsystemet.
– Arrangere eit større friidrettsstemne.

For friidrettsgruppa, leiar Are Ulseth