"Årets lengste julebord"
Har du ein ledig time å slå i hel, tek du deg gjerne ein trimtur i helga. Har du to timar, kan du ta ei lang økt. Uansett slår du ikkje Holmfridur Adalsteinsdottir frå Valen og IL Trio, som deltek på Bislett 24-timars i morgon! Romerike Ultraløperklubb skipar nemleg til det ultimate ultraløpet når 172 påmeldte galningar står på startstreken på innandørsbanen under tribunene på Bislett stadion i morgon.
Eit ultraløp er pr definisjon alle løp lengre enn marathon (42 km). Og her skal det altså springast i 24 timar, der den som har sprunge lengst vinn. Det er 106 menn og 62 kvinner på startlista og 10 av kvinnene er i Frida sin klasse, 45-49 år. Sjølv om det kårast vinnarar, så er nok dette i stor grad ein kamp mot seg sjølv. Ein monoton styrkeprøve av dei sjeldne er det utvilsamt, der einaste oppbrudd er når dei snur løperetning kvar sjette time. Ein runde på banen er 546,5 meter. I tillegg til medaljar totalt og pr årsklassar, får også alle som spring lenger enn 150/130 km (menn/kvinner), “løpets gedigne prestasjonsmedalje.” For Frida sin del betyr det minst 238 rundar. Banerekorden er elles på 265 og 261 km for hhvis menn og kvinner.
Arrangøren melder elles at det skal vera eit godt utval av mat og drikke på servicestasjonen. Etter løpsstart kl 10, vert det kl 14 råd å få pasta, kl 18 kjøttsuppe, kl 22 pølser med lompe(!), kl 22.30 is, kl 02 smoothie og når det lysnar kl 06 søndagsmorgonen står sjølvsagt havregraut på menyen.
Det er mogleg å følgje livesending frå løpet på Direktesport, gjennom alle Amedia sine aviser (inklusiv Kvinnheringen). Frida spring med startnummer 114. Stillinga i løpet kan også følgjast live på denne linken, eller her via Kondis.no