Vi spelte med det noko uortodokse 4 x 15 minutt, då kampen fungerte som eksamen for dei 4 Triodommarane som med dette fullførte rekrutteringsdommarkurset. Sondre Eikenes, Hallvar Saghaug, Helene Eikenes og Ishmael Soosainather kan no titulere seg rekrutteringsdommar. Dei fekk kvar sin omgang med fløyta, samt at dei også roterte på å vera AD for kvarandre, og dei fekk tilbakemeldingar frå instruktør Oddvar undervegs.

G14 er diverre framleis inndelt i to grendalag. Trio 1 er frå Valen, medan Husnesgjengen heiter Trio 2. Kampen var første treningsdyst på full bane for året og starta ganske jamnspelt. Trio 2 hadde eit visst overtak i opningsminutta, men Trio 1 kom sterkare og gjekk i føring med to kjappe før første pausen. Tristan og Eirik var sist på desse to måla. Så jamna det seg ut igjen og det var fortent då Andre jukka inn reduseringa på ein god corner av Mohammed. Rett etter kunne også ulikninga kome, då Vegar la tilbake til Mohammed, som dundra ballen like utanfor. 2-1 midtvegs.

Trio 2 opna tredje omgang best og hadde nokre gode sjansar. Nærast på ein flott overgang der Mohammed spelte opp Vegar, som serverte Elias akkurat i rett tid. Skotet gjekk i stolpen og ut. Og då Abdi sentra til Mohammed som skaut i hjørnet, men keeper Andreas varta opp med ei kunstredning. I staden svara Trio 1 på direkten og Sondre sette inn 3-1 på ein retur. Men like etter svara Abdisalan med eit flott skot vrengt i hjørnet etter at Elias gjorde forarbeidet og la i støtte.

Dermed 3-2 før det siste kvarteret. Derifrå vart det mykje rot frå Trio 2 sin del, og ein god del eksperimentering med plassane. I tillegg gjekk vi tilbake til å gje litt opp når det buttar i mot. Det endte med 4 scoringar til Trio 1. Først chippa Tristan til Eirik som var åleine med keeper og så var Tristan åleine sjølv. Martin i buret kunne lite gjere. Han klarte heller ikkje stoppe to susande langskot frå Emil, der vi ikkje klarte å kome ut i press. Når den slegga får fyre laus frå 20 meter, er det ikkje greitt å vera keeper.

Dermed klår Trio 1-siger til slutt, etter tre jamne omgangar først. Resultatet betyr ingenting, vi fokuserer på å få til det vi øvar på. Og for Trio 2 var det mykje bra å sjå lenge. Vi er blitt flinkare til å orientere oss, og så har vi i periodar meir å gå på når det gjeld nøyaktighet i pasningane. Klarar vi å legge meir sjel i det, skal det bli bra.

Vi jobbar med å planlegge fleire treningskampar, for kamp er trass alt ein del kjekkare enn trening. Det syntest jo også vergudane, som leverte soleklår årsbeste i kveld.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: Trio1-Trio2 7-2 (2-0, 0-1, 1-1, 4-0)
1-0 (11 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
2-0 (12 minutt) Eirik Soma Ersland
2-1 (20 minutt) Andre Nordøy
3-1 (37 minutt) Sondre Soma Ersland
3-2 (37 minutt) Abdisalan Zekeriye
4-2 (47 minutt) Eirik Soma Ersland
5-2 (55 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen
6-2 (58 minutt) Emil Haugan Solheim
7-2 (61 minutt) Emil Haugan Solheim

Trio 1: Andreas Eikemo Ersland, Julian Avsnes Saue, Anders Matre Vangsnes, Lars Eirik Holmedal, Joar Langeland, Andri Sigthorsson, Emil Haugan Solheim, Brage Ripel Harsvik, Eirik Soma Ersland, Sondre Soma Ersland, Tristan Thorkildsen Thorsen, Ola Haugan Solheim, William Saghaug, Fredrik Saghaug Eikeland.

Trio 2: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, Noah Smith, Andre Nordøy, Brage Kvandal, Abdisalan Zekeriye, Jonas Hjelmeland Naterstad, Mohammed Aljajan, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, William Heggøy, Mathias Veastad, Håkon Georg Røssland.

– Are Ulseth