Andrei vann Opp og fram-prisen!
Friidrettsgruppa har etablert eit stipend som delast ut to gonger i året, til periodens mest framgangsrike utøvar. “Opp og fram” var Tjerand Lunde sitt mantra for å forbetre seg i stavhopp. Denne prisen delast ikkje nødvendigvis ut til den beste utøvaren, men til den som viser størst framgang (betring av personleg rekord) i ei einskild øving. Dette målast i form av poengforbetring på Tyrvingtabellen.
Det har vore mange flotte forbetringar og personlege rekordar i vårsesongen. Og ein verdig vinnar er Andrei Bringedal, som presterte 24,92 på 200 meter under Mailekene i Haugesund i vår. Det er nesten halvanna sekund betre enn fjorårspersen. Det er også 11.beste tid på landsstatistikken for 15-åringar på 200 meter.
Vi gratulerer med prisen, som i tillegg til ein flott diplom er eit stipend på 2.000 kr, som kan brukast på vidare sportsleg utvikling.