Fine prestasjonar også på andre dag av Rosendalsleikene. Her er resultata til Trio sine utøvarar.

Ådne Opsanger-Tveit (G15) tok gull i både lengde og tresteg med hhvis 5,12 meter og 10,77 meter. Sistnemnte er ny pers med 83 cm, tredje beste G15-hopp i landet i år og berre halvanna meter bak landets lengste. Dette er ei øving Ådne burde satse meir på! Og så vart det bronse på 200 meter med 27,30.

Andrei Bringedal (G14) vann sin 200 meter med sterke 25,00. Det er pers med 1,45 sekund frå i fjor og berre 14 hundredelar bak landets raskaste 200 meter i G14-klassen i år.

Alexandra Tveit Rosendahl (J14) vart nr 3 på 200 meter med 29,14. I høgde vart det gull med 1,46 som er ny pers med 1 cm. Totalt 3 gull, 1 sølv og 2 bronse i helga til Alexandra (biletet øvst i artikkelen).

Casper Aarsand Stensletten (G13) vann høgde med ny pers, 1,20. Dermed vart det totalt 4 gullmedaljar til Casper i hans første stemne utanfor Husnes stadion.

For rekruttklassen sto berre liten ball på programmet i dag og der kasta våre 5 som følgjer: Sara Milenkovic (J7) ny pers med 9,03. Ellen Gravdal (J8) 5,17. Åsne Rolland Seglem (J9) ny pers med 13,15. Vegard Sæverud Jensen 24,54. Og Luka Milenkovic (G6) ny pers med 12,00.

Tre gull og to bronse vart behaldninga til Ådne Opsanger-Tveit i helga.
Gullmedalje til Andrei Bringedal med sterke 25,00 på 200 meter.
Tredjeplass for Ådne på 200 meter, bak to spreke karar frå Askøy.