Her er litt om dei som har bedrive sportsleg aktivitet i helga. Trio friidrett hadde tre deltakarar med på Hardanger friidrettsfestival i Strandebarm, medan Kenneth Blom vann sin klasse i Stavanger triathlon.

Ådne Opsanger-Tveit deltok i 15-årsklassen både laurdag og søndag. Det vart gullmedalje i høgde (1.65) og lengde (4,88), 5.plass på 200 meter med 27,39 og 4.plass på 100 meter med 13,38. Sterkaste prestasjon likevel i tresteg, der han grusa persen frå seriestemnet på Husnes for halvanna veke sidan. 11,13 meter er heile 22 cm lenger, men det heldt likevel “berre” til 2.plass, då ein bergensar sette årsbeste i landet for 15-åringar med imponerande 12,36. Kjekt å ha noko å strekke seg etter.

Casper Aarsand Stensletten (13) sikra gullmedalje i spyd med 15.05 meter, sølv på 200 meter med 34,57 (ny pers), 3.plass i lengde med 3,36 og 4.plass i høgde med 1,15.

Alexandra Tveit Rosendahl var utan konkurrentar i J14-klassen, så det vart 6 gullmedaljar med heim. Også ho slo sin nye pers i tresteg. 9,53 meter utan vind er 5 cm betre enn på Husnes i førre veke, då det også var medvind. Elles 14,39 på 100 meter, 29,32 på 200 meter, 4,61 i lengde og 1,45 i høgde. I tillegg er 2.30,68 på 800 meter pers med 3 sekund frå Rosendalsleikene og femte beste tid i landet i J14-klassen.

I Stavanger deltok Kenneth Blom i Triathlon. Han vann sin klasse (60-64 år) med 2.26,15, som var 16.beste tid av alle i konkurransen. Særs sterk svømming med 26,50. Etter eige utsegn framgang på syklinga med 1.13,13, og sterke 43,23 på 10 km løp til slutt.

Ein godt nøgd Kenneth Blom etter målgang. Her med ei av dei sterkaste i kvinneklassen.