G13: Trio2-Bremnes3 6-11
Smågutane med ein sjeldan 7arkamp på Kvednabekkjen i dag, då Bremnes 3 har gått ned frå 9ar til 7ar i haustsesongen. Det var ikkje så mykje 3 over det Bremneslaget som møtte i dag. Grunna haustferie og fråver hadde dei styrka seg ein god del med spelarar frå førstelagsgruppa. Då fekk vi køyrd oss. Men på Trio 2 er fokuset i første grad å sikre speletid til alle. Det var ei utfordring i dag, då vi var heile 13 mann til dyst.

Vi sleit kolossalt i starten og låg under heile 0-7 etter første kvarteret. Vi hang ikkje i hop og det var få ting som stemte. Arbeidsinnsatsen vi snakka om før kamp var fråverande og vi klarte ikkje å følge motspelarane, særleg på kantane.

Vi heva oss etter kvart og Mohammed fekk meir trøkk på angrepsspelet då han kom inn ti minutt før pause. Umiddelbart etter å ha kome på banen sette han i gong eit flott angrep, som han sjølv sette i mål etter fin vegg med William. Rett etter nikka André inn ein corner, før Mohammed reduserte nok ein gong på eit langskot som keeper var uheldig på. Bremnes auka til 3-8, som var pauseresultatet.

Mykje å rette på midtvegs, men når vi knapt følgjer med på pausepraten, så kan ein ikkje vente så mykje betring heller. Bremnes auka umiddelbart etter kvilen, før vi igjen reduserte. Elias var sistemann innpå i dag. Han har vore sjuk ei god veke og fekk nøye seg med vel 20 minutt. Men også han reduserte rett etter å ha kome på banen, då han skaut frå eit hald så skrått at han sjølvsagt burde ha sentra inn framom mål. Vel, han meinte sjølv han kontrollert lurte keeperen med det.

Så ny Elias-redusering etter fint angrep sett i gong av Edvard og Mohammed. Og Mohammed sette inn vårt sjette med eit hardt skot i hjørnet. Siste minutta vart vi overivrige og vel mange spelarar storma framover i banen. Det straffa seg med to kjappe baklengs, slik at sluttresultatet vart 6-11.

Trening gjennom haustferien sjølvsagt, og så møter vi Bremnes2 neste søndag. Det er samarbeidskamp der vi også skal ha med nokre Valegutar. I mellom der skal Trio 1 (Valen) til Bremnes på kamp, så husnesingar og bømlingar nyttar i allefall haustferien til mykje fotball :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen
G13: Trio2-Bremnes3 6-11 (3-8)

0-7 etter 16 minutt(!)
1-7 (27 minutt) Mohammed Aljajan
2-7 (29 minutt) André Nordøy
3-7 (32 minutt) Mohammed Aljajan
3-8 (34 minutt)
3-9 (38 minutt)
4-9 (54 minutt) Elias Ulbi
5-9 (56 minutt) Elias Ulbi
6-9 (60 minutt) Mohammed Aljajan
6-10 (67 minutt)
6-11 (69 minutt)

Dommar: Abdul Kadir Mohamed.

Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Jonas Hjelmeland Naterstad, André Nordøy, Håkon Georg Røssland, Noah Smith, Vegar Seljelid Joleik, William Heggøy, Michael Løland, Edvard Andre Ingvaldsen Nessestrand, Abdisalan Zekeriye, Mohammed Aljajan, Mathias Veastad, Elias Ulbi.

– Trenar Are Ulseth